Fyrst
<--  217 218 219
Sist

Ein kald dag i 2004. Ein ung mann med håp i blikket - nokon ville kanskje gått så langt som å kalle det ambisjon - ser opp på den tomme himmelen mellom to stjerner. "Der planlegg eg å vere ein dag," seier han til seg sjølv i sin kvalmande naivitet. Himmelen, som alle andre i denne kalde verda, svarar ikkje. Den manglande responsen stoggar han derimot ikkje frå å rope ut med same entusiasme og glede i fleire år til alle som måtte komme i krysselden for hans bodskap om kor fantastisk han er.

Plutseleg ein dag innser han at det startar å bli årevis sidan sist han ropte. "Eg kjem kanskje til å rope att ein dag," seier han til seg sjølv utan entusiasme, ambisjon eller håp medan han antar at det finst nokon som hører. "I mellomtida eksisterer det som alltid har eksistert," held han fram før blikket festar seg tilbake på den trofaste sistepilsen for kvelden.

"Fåkk alle!" kviskrar han stilt før han styrtar den og sovnar i nøgd alkoholrus. Kanskje vaknar han att ein dag.

Ubruklisme er Krematoriet sitt sjuke eksperiment der vi overser alle konvensjonar for god kommunikasjon og presenterar kontekstlause korte tekstar, artige idear, obskure kulturreferansar og andre ting som får oss til å verke som elitistiske rævhol. Og for å gjere det heile komplett så høyrer vi på P2 medan vi skriver innlegga.

Tilbake til hovudsida