Dette er informasjonssida. Her informerast det.
Det å påstå at denne nettstaden har ein misjon ville vere ikkje berre pretensiøst, men òg direkte feilinformasjon. Grunnen til at nettstaden eksisterer er enkel – keisemd og ein genuin glede over ei verd som let folk kaste vekk tid på uproduktiv aktivitet.
Denne sida omfattar ulike tema utan at den vel å avgrense seg særskild utover det. Enkelte vil velje å setje sida i bås som «humoristisk» og «satirisk», men desse menneska er perspektivlause og naive.
Denne sida har ein utsjånad som gjenspeglar at den skal vere lettlest. Teksten er stor og kontrastane er store. Dette er mindre anstrengande å lese, og dermed kan de takke meg når det vert blinde som 80 i staden for 79. Dersom nokon skulle ha noko i mot dette, kan alle artiklar (med unntak av denne) lesast i eit alternativt format dersom ein vel 'utskrivbar versjon' på botn av kvar side eller om ein abonnerar på rss-straumen.
Om du skulle kome til å tru på at ting presentert som fakta faktisk er det, så er det din eigen feil då du manglar kritisk sans, eventuelt hjerne. Dersom det står oppgitt kjelder, er desse som regel gjengitt ukritisk, og er eigentleg ikkje til å stole på. Politiske meiningar ytra er som regel grave ned i tjue lag med sarkasme, ironi og tvetydigheit og ein bør difor ikkje la seg agitere for mykje då det er bortkasta tid og energi. Men kommenter gjerne. Ingenting vert set pris på meir enn folk som har ballar nok til å vere ueinige.
Enkelte tekstar på nettstaden vil tillate at vitjarar kommenterer. Dette er typisk for tekstar der vi føler det er rom for debatt eller videre artige innspel. Dersom slike ikkje opptrer etter ei gitt periode vil teksten verte stengt for kommentarar.
Viss ein franleis ynskjer å kommentere ein tekst, eller om ein berre vil ytre tilfeldige samlingar bokstavar, er den generelle kommentarsida staden ein alltid er velkommen. Her er det ingen krav om å vere sakleg eller oppføre seg som folk (sjølv om sistnemnde vil bidra til ei betre oppleving for alle partar). Vi vil til og med gå så langt som å oppmode folk til å delta i det togkræsjet av ein diskusjon som foregår der.
Denne sida innheld eit lite tal strategisk plasserte reklametekstar. Hovudføremålet er å få dekkja inn kostnadar. Ut over dette vil dei ha liten innverknad på integriteten vår, sidan vi har ingen. For den romantiske versjonen av kvifor vi har reklame, les teksten Pengemakt; den ekte grunnen: Vi diggar pengar. Å stupe i dei som ei nise. Å grave seg gjennom dei som ein molvarp. Å kaste dei opp i lufta og la dei regne over oss. Det er livet.
Grunna denne kjærleiken til pengar kombinert med absolutt ingen skruplar, tek vi gjerne imot alternative annonsørar. Òg på bekostning av noverande google adsense, sjølv om det kanskje ikkje er lurt å vende ryggen til einaste firma med reelle sjansar for verdsdomminans.
Alt som står her er sjølvsagt underlagd norske og internasjonale og interplanetariske lovar om opphavsrett. Tekstar, inkludert kommentarar og debattinnlegg, tilhøyrer forfattaren av dei. Stel du ting, så er det synd då du i tillegg til å vise at du manglar moralske skruplar, og vil bli banka opp av landets einaste institusjon med monopol på vald – staten.
Å lenkje frå din eigen søte litle nettstad direkte til undersider går sjølvsagt bra då alle undersider refererer til krematoriet. Skjuling av adresse ved hjelp av utdatert ramme-teknologi eller innhaldsagreggering (utanom rss eller rimeleg sitering med referansar) er lite populært. Er du i tvil, spør.
Sida nyttar språket norsk. Ulike variasjonar av språket norsk førekjem. Dette er ikkje noko problem for folk som ikkje er trongsynte. For folk som er trongsynte er det eit problem. Dei vil uansett ikkje gidde å lese så langt i teksta, så å nemne dei vert poenglaust.
Spørsmål kan rettast til e-post eller gjennom å leggje innlegg på den generelle kommentarsida. Grunna god tid og ein hellers moderat pågang vil slikt verte svara i løpet av få dagar.
Forfattarar av artiklane kan vitnast i øvste hjørna på aktuelle artiklar. Fullt namn er ikkje lagd ved for å hindre effektiv kopling via søkemotorar. På denne måten unngår ein at dustete sjefar sine manglande perspektiv skal påverke jobbmoglegheiter og liknande. Ut over dette er det ingen løyndom kven som står bak sida, og alle som er interesserte kan antaglegvis nytte kjende metodar for å finne det ut. Hensikten er nemleg ikkje å skjule identiteten vår. Då ville vi antaglegvis ikkje avbilda oss sjølv så ofte som mogleg.
Ellers kan de suge dykk.