Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Terminator Salvation er crap.

Mange av dykk vil vil nok lure på kvifor eg kan seie noko så bastant utan å ein gong ha sett filmen. Det enkle svaret vil vere "Hald kjeft, eg veit betre enn deg ditt kunnskapslause gonoretryne," og det bør eigentleg vere nok. Alternativt vil svaret vere "Seriøst? Kven faen trur du du er eigentleg? Eg er ein jævla fåkking filmkritikar. Eg er betre enn deg på alle måtar, spesielt når det kjem til penislengde og hårfrisyre og veit difor betre enn deg."

Kva meiner de med at det ikkje er bra nok? Og kvifor høyrer eg stemmer i hovudet mitt?

Greitt. Om ein skal sjå traileren kan eg gjerne forstå at enkelte kan finne på å tenkje at dette ser ut som ein heilt grei action film som er langt meir lovande enn til dømes den sekshundrekilos haugen med spermglasert møkk kjend som Terminator 3. Og, ja. Det er ikkje direkte feilaktig å påstå at eg kan tendensere til å vere einig med det. Men det er mest fordi Terminator 3 har same problem som Terminator Salvation.

Og sjølvsagt, "CHRISTIAN BALE SOM ER BATMAN OG BATMAN ER DRITKUL FORDI HAN ER BATMAN ER MED," er og eit argument eg kan både forstå og vere einig med. Men det er ikkje problemet. Problemet ligg manifestert heilt på slutten av overnemnde trailer og det er eit problem den deler med andre voldtekter (eller oppfølgjarar) av gode 80- og tidlig 90-talls actionfilm-seriar.

Eg skal vise dykk kva denne styggedommen er. Sarte skjeler, sjå vekk. Ikkje les videre om du har ete innan dei siste 48 timane, for kvalmen og avskyen du vil oppleve kan samanliknast med å verte voldtatt av ein aggressiv blåkval:

PG-13

Pg-motherfucking-13. Ein rating som sikrar at kven som helst mobiltelefontrykkande, tyggistyggande, uintelligent, høgtsnakkande idiot kan sjå filmen med foreldre, staten og den lokale kyrkjelyden si løyve. Det blir jo ikkje bra film av slikt! Ikkje nødvendigvis på grunn av nærværet til overnemnde gruppe i seg sjølv, men fordi ein film som kvalifiserer til denne sertifiseringa manglar følgjande liste med kvantifiserbare element som er påkrevd for at ein action-film skal vere bra:

Og action-filmar utan dette er poenglaust. Det er som å sjå pornofilmar utan dobbel analfisting. Eller dusje i eit fengsel utan å miste såpa mens du ser suggesivt bort på White Power Bill. Heile poenget med aktiviteten ein bedriver blir så meininglaus at ein like godt kan la ver.

Sjølvsagt. Hollywood har sine eigne økonomiske interesser i tankane når dei ynskjer å ha ei størst mogleg målgruppe for filmar. Det er logisk. Men det er ikkje som om filmar ikkje tente pengar for tjue år sidan då alle action-filmar hadde alt på overnemde liste. Og det var heller ikkje som om 12-åringar ikkje fekk sett filmane. Eg såg Terminator 1 og 2, samt tre rambo-filmar minst sju-åtte gangar kvar då eg var 8 år. Og bortsett frå å gje meg visse forventningar til kva gode action-filmar skal innehalde, så gav det meg ikkje særksilde varige mèn. I alle fall ingen som mine mange terapautar har sagt noko om.

For å oppsummere. Til tross for at Batman er med så manglar framleis Terminator Salvation følgjande før den er verd å bruke tid på:

Rated R for Rawsomeness

Og, ja. Dei nye Batman-filmane er òg PG-13. Men det er Batman. Vi kan ikkje gå rundt og samanlikne ting med Batman. Hadde Terminator vert Batman så hadde vi ikkje hatt denne diskusjonen. Då hadde vi vore utrydda av robot-batman-overherrane våre for lenge sidan.

Karakter: 3 spermlause bukkake-sesjonar

Arkiv - Ravande gal mann

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet