Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

"Trur du vi to er meint for kvarandre? At vi er sjelevenner?"

"Vel..."

"Vel, kva?"

"Eg står mellom to val. Anten å bekrefte ditt uvitskapelge romantiske vrøvl for å skape ein umiddelbar positiv reaksjon hjå deg, og videre putte meg sjølv i ein fordelaktig situasjon. Dvs. mest sannsynleg oppnå seksuell tilfredsstilling.

Eller, vurdere om det vil det vere etisk uforsvarleg av meg å seie noko som ikkje berre strider mot rasjonalitet, men òg alt naturvitskapen har lært oss om menneskelege parringsmønster. Noko som vil gje meg ei viss intellektuell tilfredstilling, men totalt neglisjere mine biologiske imperativ.

Videre bør eg vurdere i kva grad den etiske problemstillinga er relevant då eg som ateist ikkje har noko ansvar til ei eventuell høgere makt, og den einaste faktoren å vurdere etikk ut i frå vert på sitt mest grunnleggjande kun i kva grad eg vil bidra til å føre arten vår suksessrikt vidare.

Om eg legg dette til grunn vil det vere meir etisk av meg å lyge, og seie at eg verkeleg trur vi er meint for kvarandre. På den andre sida så vil det bryte den eventuelle plikta eg måtte ha for å utdanne mine medmenneske innan vitskapelege felt.

Ein kunne nemlig tenkje seg at eventuell feilinformasjon eg kommuniserte til deg ville bli videre forsterka hjå vårt eventuelle avkom, som dermed i den ytterste konsekvens kunne finne på å avise andre vitskapelege teoriar på grunn av sitt feilaktige verdssyn, og dermed stagnere utviklinga av mennesket sin teknologi.

Men dette vert diverre spekulasjon, då det like gjerne kunne gått andre vegen dersom mitt avslag av dine romantikkfantasiar kunne ført til at du utvikla deg som menneske og opparbeida deg tilsvarande kunnskap for å fremme menneskeheita.

Gitt desse usikre framtidige scenaria, ser eg ikkje for meg at eg er riktig mann til å velje om det er korrekt å forsterke dine feilaktige, men romantiske ideal for å viderebringe rasen vår, eller om det vil vere meir korrekt av meg å vise til kva forskning som foreliggjer i håp om at det vil auke menneskeheita si framtidige teknologiske og vitskapelge utvikling.

Dermed ber eg deg om å ikkje nemne problemstillinga i det heile, og heller la meg få fyre deg i toaren til du byrjar å grine."

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet