Tredje februar vil du møte fem forskjellige folk etter å ha blitt omplassert til eit nytt kontor i jobben din. To av dei kvinner, tre av dei menn. Ein av dei vil heitte Olaf og ha tre vorter på høgre storetå og ein leverflekk til venstre for nasa. Han vil spørje deg minst tre spørsmål, kor eitt av dei er fornærmande og personleg. Du vil svare på høfligast måte, men seinare på dagen vil du baktale han framfor dei fire andre personane.
Dette vil imidlertid vise seg å vere ein feil, sidan ei av dei to kvinnene er kona hans. Dette er ekstra flaut sidan ho vart introdusert som dette tidligare, men du var for oppteken med å studere Olaf sin leverflekk. Fjerde februar vil du igjen møte Olaf, men denne gangen vil møtet vere langt meir kjølig sidan kona har fortald han om dine kommentarar over ein sein kalkunmiddag på ein av byens betre restaurantar.
Olaf vil gjere arbeidsoppgåvene dine stadig meir vansklege å gjennomføre utover dagen, før du til slutt spør han kva faen som feiler han. Den andre kvinna vil bli sjokkert over din krasse ordbruk og rapportere deg til dykkar felles sjef.
Utan å tenke meir over situasjonen, då det såg ut til at dei øvrige kollegane dine var einige med deg, drar du heim. Seinere på dagen overraskar du din romantiske partner med ei steikepanne ho har ønskt seg sidan jul. Ho kom ikkje på at ho ville ha det før eit par dagar etter julaften.
Den femte februar får du innkalling til sjefen din sitt kontor. Han kan fortelje deg at i lys av nylege interpersonelle hendingar samt den generelle finansielle situasjonen, så vert du umiddelbart oppsagt gitt at du tek i mot ei ikkje alt for raus sluttpakke. Du veljer sluttpakka.
Den fjortande februar har du endå ikkje turd å fortelje din livspartner at du har mista jobben. Dette fordi ho fortalde deg at ho endeleg var blitt gravid den tjuesjunde januar. Etter at de har prøvd i månadar å bli gravide, orkar du ikkje skuffinga det vil vere å fortelje at du har mista jobben. Du tilbringer dagane på eit lokalt kjøpesenter.
Sekstande mars blir det komplikasjonar i graviditeten. Din partner mister barnet, og ho får eit nervøst samanbrot. Du forsøkjer å trøste ho, men i lys av den store tyngda på løyndommen du ber rundt på, finner du det vanskeleg å komme i kontakt med ho på eit kjenslemessig nivå.
Femtande mai bikker det over for ho. Ho forlet deg fordi du ikkje greidde å støtte ho gjennom den vansklege tida. Du ber om ein ny sjanse. Ho konfronterar deg med at du har mista jobben, noko ho fann ut etter å ha opna eitt av bankbreva dine. Du går inn i eit raseri grunna at ho har opna posten din. Psykologisk sett kjem aggressjonen heller frå den frustrasjonen du føler når ho dumpa deg, i kombinasjon med all harmen du har bært på dei siste tre månadane i arbeidslause.
Ho låser seg inn på badet i gråt. Du, framleis blinda av raseri, hentar den store jernsteikepanna og slår deg fyrst gjennom døra, deretter gjennom hovudet hennar. Fyrst då du ser det knuste hovudet ligge livlaust på baderomsgolvet i ein dam av blod innser du kva du har gjort. Du tek barberhøvelen som ligger på vasken, løsnar eit blad, og skjærer over begge pulsårene dine før du kollapsar i gråt.
Dei finner dykk fire dagar seinare. Pressa kallar det ein familietragedie, og merkar ei auke på 14% i laussal den dagen basert på kor nyheitsverdig saka dykkar er. Journalisten påstår ovenfor familien sin at saka har gjort han opprørt, men djupt inne er han glad for å ha fått scoopet.