Å fokusere. Eller det motsette av å fokusere, om ein skal vere skikkeleg pedantisk, er ikkje lett. Særskild når ein befinner seg i situasjonar der den einaste motstanden er ein sjølv. Det blir ein kamp der sinnet er sett opp mot kroppen, og dei to må kjempe det ut i eit episk klammeri. Eksternt ser det kanskje ikkje ut som så mykje, men den interne striden osar av spenning og skitne triks.
Klokka er 03:00. Det er seks timar til butikken opnar. Eg har nett hive innpå ein kopp kaffi for å understreke kor dårleg døgnrytmen min etter kvart har blitt, og tarmane mine ynskjer å gjere det dei gjer best. Eit problem. Den tomme toalettrullbeholderen som gjev ut eit lydlaust skrik av desperasjon.
Søvn er ut. Det nyttar ikkje å vugge seg vekk frå problema. Hadde ikkje koffeinen og det at eg stod opp for berre sju timar sidan stått i vegen, kunne eg ha lagt meg nedpå og fått unna dei neste seks timane i draumeland. Sjølvsagt, ein ubehageleg draum eller to kunne oppstå frå tarmane sine ubesvarde skrik, men ikkje noko eg ikkje kunne takle i halvsøvne.
Men min skjebne er verre. Eg er dømd til å sitje medvit og konstant oppleve korleis trykket sakte men sikkert bygger seg mot ventilen. Einaste trøst? Ein deadline som kjem nærare for kvart minutt. Opningstida på den lokale toalettpapirgrossisten nærmar seg. Ikkje med stormskritt, men tida, same korleis ein oppfattar tempoet på ho, går alltid framover.
I ein svak augneblink starta eg å lure på om døgnopne bensinstasjonar sel toalettpapir. Antaglegvis ikkje. Dei sel alt anna i verda, men ofte ikkje dei tinga eg har bruk for. Eg hugsar for ein tremånadars tid sidan då eg kom traskande forbi ein i shorts og regnver, etter ein ferie i varmare strøk. Bensinstasjonen var mitt einaste håp. Paraplyar måtte dei vel selge dusinvis av, og passe på at alltid var i behaldning? Klokka var seks om morgonen og eg hadde vore våken i 30 timar. Ein paraply var alt eg trengte for å nå tørrskodd heim dei siste femten minutta med spasering.
Eg vart sjølvsagt svikta. Ingen paraply. På same måte som eg ikkje orker å risikere ein trettiminutters spasertur som vil gjere vondt verre, berre for å vende tomhendt heim att. Det orker eg ikkje. Det vil ikkje tarmane mine finne seg i.
Kva andre alternativ er der? Kjøkkenpapir har eg ikkje. Aviser? Slikt vil eg ikkje utsetje det skjøre rævholet mitt for. Ein oppvasksvamp? Beste alternativet eg har kome opp med til no. Ikkje attraktivt. Ikkje på same måte som eit trelags klorbehandla toalettpapir, lagd av det beste og mest skånsame regnskogstømmer. Sjølvsagt, ein utrydningstruga dyreart eller to måtte ryke med i prosessen. Gjerne absorbert av maskineriet og kverna inn i eit vakkert blodraudt mønster som prega det ferdige produktet. Men det er verd det. Dyrevernarar kan ha koalaen for seg sjølv. Ræva mi er viktigare.
Nei. Det må bli med venting. Eg er god å vente på ting. Tikk-føkking-takk. Sekundvisaren går jo fort om ein berre nistirar hardt nok på den. Ein kan ta tida på den. Kor kjapt går den ein runde? Slår den sin eigen rekord? Mykje tid er blitt slått i hel på å svare på slike spørsmål. Ja, eg må drite, men så lenge eg fokuserer på sekundviseren sin streben etter å traversere urskiva så er det ikkje så mykje som minnar meg på det. Bortsett frå dei tomme skrika frå tarmsystemet.
Ti over tre. Litt tid er no gått. Den verste biten må då vere over. Berre tohundreognitti bekymringslause minutt att før kjøpmannen opnar døra og overausar ein dritetrengt lite framsynt natteranglar med eine rullen etter hin. Det skal bli fantastisk. Eg skal krølle opp eine bunten etter hin. Bruke ein heile jævla rull på å tørke meg mellom kvar glont. Skal ta meg god tid. Brette det til fint mønster før eg går laus. Kjenne det mjuke papiret mot hunda. Ta faste og bestemde, men vennlege tak. Det skal bli himmelsk. Vite at helvetet er over.
Berre tohundreogåtti minutt att. Eg må drite. Universet vil det anleis. Tid er alt eg har.