I høve den kraftige økonomiske veksta Krematoriet for tida ser, hovudsakleg grunna ein forretningsmodell som tek sikte på å utnytte andre sine finansielle ulukker, har vi i redaksjonen kome fram til at vi er nøydd å auke staben. Difor har vi teke utgangspunkt i likestillings- og diskrimineringsombudet sine nye retningslinjer for stillingsannonsar slik at vi kan få tak i den medarbeidaren som passar vår progressive redaksjon best.
Vi oppfordrar kven som helst til å søke, men det er ein fordel om søkaren er anten kvinne, homofil, transseksuell eller i det minste har hatt seksuelle fantasiar om bestekompisen sin fire-fem gonger .
Søkjaren bør anten vere synshemma, røyrslehemma, psykisk utviklingshemma, psykopat eller ha kroniske ikkje-diagnoserbare smerter i tre ledd eller fleire. Han, ho eller det bør vere over to meter høg, lågere enn ein meter, vege meir enn 150 kg eller mindre enn 50 kg.
Det er og bra dersom vedkommande er same, av afrikansk opprinning, av asiatisk slektskap, av sveitsisk statsborgerskap eller har vore over svenskegrensa tre gonger eller meir.
Søkjaren bør gjerne vere muslim, russisk-ortodoks, buddhist, scientolog, fundamentalistisk islamist, ateist eller nudist.
Fagkunnskapar er ein fordel, men ikkje påkrevd.