"La meg introdusere herr Kuk.
Herr Kuk bur på kroppen min. Han er ein leigetakar om du vil, sjølv om fordelane han kan tilskrivast ikkje er openbare eller lette å skildre. Han betalar vel helst i å berike erfaringane mine heller enn i hard valuta - sjølv om han kanskje er den fyrste til å hevde at gitt riktig yrke kunne han ha skaffa klingande mynt gjennom sine ymse prestasjonar.
Herr Kuk krev oppmerksemd frå meg, hans husvert, frå tid til anna. Ofte, faktisk. Omtrent alltid, om ein skal vere nøyaktig. Gjerne i større grad når eg er berusa, og i mindre grad når eg er tilstrekkeleg berusa.
Herr kuk kan krevje å bli lagt merke til på tidspunkt ein ikkje skulle tru at han har noko å bidra med. Av og til når eg sit i undervisningssituasjonar eller andre keisame tilstelningar, vil herr Kuk krevje oppmerksemd. Heldigvis er han då påpasseleg nok til å ikkje avbryte direkte - han tek seg bryet med å rekke opp handa. Eller i det minste noko som liknar.
Herr Kuk er oppmerksemdssjuk, kan vi seie. Meir enn det som passar seg i dagens samfunn. Heldigvis veit han å halde seg innforbi lukka dører mesteparten av tida, og sjeldan bryt han seg ut derifrå utan mitt samtykke.
Det er ikkje å seie han er ein slags kriminell - han er berre ei einsretta og til tider misforstått sjel i eit samfunn som ikkje set pris på nærhet og inimitet i like stor grad som han. Det har gjort han bitter. Du må passe deg for herr Kuk, elles spyttar han på deg.
Så om ein berre kan ta desse små omsyna, og ha litt takhøgd når ein er omkring herr Kuk, vil eg hevde at sameksistens og trivsel ikkje skal vere umogleg å oppnå. Det er ikkje mykje korkje eg eller herr Kuk ber om, og vi er dei fyrste til å ta liknande omsyn til andre."
"Og det er grunnen til at du går rundt i parken og blottar deg?"
"Nøyaktig."