Når eg blir svindla, så foretrekkjer eg å bli svindla av kvalifiserte personar. Ikkje half-assed folk som har mindre peiling på kva dei driver med enn eg har. Eg foretrekkjer kvalitetssvindel – og når eg i tillegg betalar for det, syns eg det er på sin plass å kreve det.
Bakgrunnen for denne provokasjonen var ein seanse meg og min medredaktør deltok på under alternativmessa i Bergen. Eg kan skrive sider om alle dei ulike tinga ein blir pusha på slike stader. Alt frå ørelys til bievokskrem som skal kurere slappe bryst. Noko eg antaglegvis kjem til å gjere.
Men høgdepunktet på messa var sjølvsagt dei synske. Spreidd utover heile lokalet klare til å ta i mot pengar for å fortelje deg ting du allereie veit. Sjølv om det kunne vere artig å ha seg tjue minutt one-on-one med ein av desse, så føler eg at å betale 400 kroner for å krangle med desillusjonerte folk er ein handel eg berre kan tape på.
Det var difor vi i staden bestemte oss for å delta på ein seanse. Eit arrangement som består av at den synske står framfor ei forsamling og kjem med generelle påstandar om daude folk fram til ein i publikum biter på. Deretter vil den synske kome med stadig meir konkrete påstandar om familien til offeret fram til ho har overtydd forsamlinga om at ho har kontakt med dei daude. Eller det er i det minste slike ein gjer det dersom ein har peiling på kva ein driver med. Rett nok, vi betalte berre hundre kroner for å kome inn på messa, men vi bør då kunne forlange cold reading av ein viss kvalitet?
Cold readeren, eller den synske om du ynskjer å tru på det, starta med å fortelje om personen ho hadde kontakt med. Det var ein gammal mann. Faren til nokon. Han hadde døydd på eit eller anna tidspunkt. Han var ein mann som likte å ha orden på økonomien. Alt dette er gode påstandar, fordi dei er såpass generelle at dei kan handle om faren til kven som helst. Og etter ei stund fekk ho napp på ei kvinne i femtiårsalderen som satt bakrast i forsamlinga. Ho hadde hatt ein far, som no var daud. Det bør nemnast at ho bomma på minst fem eller seks påstandar før ho kom fram til denne personen.
Etter dette byrja ho å pushe på med at den daude faren foralde at kvinna (frå no av offeret) hadde hatt mykje uhell med menn. Det nikka ho til. Videre fortalde ho at ungane hennar holdt på å flytte ut. Det hjalp antaglegvis at den nokon-og-tjue år gamle sonen sat ved sida av offeret. Deretter starta ho å veldig agressivt påstå at offeret ville vere meir heldig med menn framover, og at ein ho ville møte eller nettopp hadde møtt ville gjere ho lukkeleg.
No byrja offeret å verte mindre sikker på at den synke hadde peiling. Ho kunne ikkje skjønne kven dette kunne vere, og ho forstod ikkje kva den synske kunne meine. Etter ein del fram og tilbake kom det fram at offeret var lykkeleg gift med same mann i tjue år. Meg, min medredaktør og ein fyr som satt rett framfor oss måtte verkeleg tvinge oss sjølv til å halde latteren inne, utan at eg skal påstå nokon av oss lukkast særskild godt.
Den seansen enda kjapt. Neste var av ein anna cold reader, som var i stand til å vere nøyaktig så generell at ho unngjekk dei same problema. Ho huka tak i ei kvinne som hadde kjent ei som døydde av kreft. I eit statistisk sannsynleg gjentning, kom ho fram til at det var brystkreft – og deretter kom ho med den sjokkerande påstanden at mannen til den avdaude kvinna antaglegvis var trist. Holy fucking shit. Her snakkar vi om ein ekte synsk.
Deretter kom den siste readingen vi gadd å høyre på. Den fyrste cold readeren stod i ti minutt og ramsa opp dei same genrellitetar om att og om att utan at ein einaste i publikum kunne påstå å vite kven ho snakka om. Ho vart meir og meir frustrert, og gjekk mellom å unnskylde seg til å nærmast anklage publikum for å ikkje vere samarbeidsvillige. Då ho endeleg fekk eit kvartvegs hit, starta ho å bringe opp att dei punkta som ho tidligare hadde bomma på . Og atter ein gong bomma ho fullstendig. Og dette provoserte meg.
Det provoserte meg ikkje fordi kvinna er ein svindlar som lever av å rote opp vonde minner for folk og å øydeleggje dei gode minna ein har om avdaude venner og slekt. Det provoserte meg ikkje fordi ho påstår å ha spesielle evner når alt ho gjer er å bruke enkel cold reading som kven som helst kan greie å gjere ganske overtydande. Nei, det som irriterte meg var at ho ikkje var god til å gjere det. Ho var talentlaus, rett og slett. Eg har meir synskhet i ræva mi enn ho kan påstå å ha vert borti i heile sitt liv.
Når ein driver cold reading er det viktig å snu feiltreffa sine gjennom å ta tak i den mest generelle tråden av kva ein har sagt, og bygge videre på denne. Ein skal ikkje forsøke å tvinge inn ting ein allereie har bomma på.
Viss du til dømes påstår at den avdaude har mørkt hår og likte å røyke, og offeret ditt svarer at den avdaude verkeleg likte å røyke, men var blond. Då skal du ikkje hardnakka hevde at vedkommande var mørkhåra, men i staden sei at det er vanskeleg å sjå klart, og halde fram med å snakke om røykinga. Hosta vedkommande mykje? Hadde vedkommande gule fingrar? Ta tak i dei treffa ein har og bygg videre – ikkje snakk om dei tinga du bommar på . Det vil føre til at publikum vert lite imponerte, og at folk som meg vert pissed off fordi vi ikkje ein gong kan oppleve ein velinformert kvalitetssvindel.
Helvete. Eg betalte pengar for dette. Eg krevjer å få det beste av svindlarar kommande med dei mest generelle av påstandar – og i det minste ha nok respekt for meg som publikum til å lære seg sitt eige jævla yrke betre enn eg.
Etter den andre totalt mislukka opptredenen hadde vi fått nok Vi vandra tilbake til messehallen der vi heldigvis kunne få chakraen vår stemd og løyst opp alle enegriblokkeringar våre. Men det får eg fortelje meir om ein anna gong – no skal eg setje meg tilbake, stappe nokre bambusforma lys inn i øyret og la avfallsstoffa bli rensa frå skjelen min.
Meir info:
Cold Reading (wikipedia)
Penn and teller bullshit - Talking to the dead 1/3 (youtube)