Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Så eg sit og les om at ein hest har dopa seg i OL. For det må vere hesten sjølv som har gjort dette. Eigaren, eller ryttaren, eller kva no han er, hevdar hardnakka at han ikkje har dopa hesten, og då sit vi att med sørgjeleg få alternativ.

Saka dreiar seg meir om korleis ein naiv hesteoppdrettar har sett all si tiltru til eit dyr han oppfatta hadde god arbeidsmoral, og korleis dette dyret gjekk bak ryggen på han for å øydeleggje hans gode namn og rykte. Her har han sete på ryggen til hest som har bore han rundt og ana fred og ingen fare. Kanskje han trudde dei to hadde eit særskild band mellom seg. Så tett det kan verte mellom hest og mann, uansett.

Men hest måtte sjølvsagt fucke opp. Kneggjande og skulande gjekk den bak ryggen på eigaren og kjørte i seg eine prestasjonsfremjande middelet etter det hit. Sniffa. Skaut sprøyter. Åt piller. Alt. Den var avhengig. Eit dyr. Ein sinnsvak tankegang der ingenting kunne stå i vegen for ambisjonar. Fuck IOC. Fuck Tony André Hansen. Fuck heile jævla landet. Hest var omsynslaus og kynisk. Hest er alltid omsynslaus og kynisk.

Det kom ikkje som ei overrasking på meg. Hestemiljøet har kanskje arbeidd seg inn i eit syn der dei ikkje lenger greier å sjå hest si kyniske og egosentriske side. Sjølvsagt, den let deg ri på den frå tid til anna, men ikkje mistak det som ei vennleg gest. Hest er ute etter pengane dine og ungane dine. Den vil at du skal la dei søte små døtrene dine vere åleine med den, slik at den gjennom fast gange og vuggande røyrsler kan utnytte dei seksuelt. Det er uskuldeg og vakkert – jenter som lærer å kjenne sin eigen seksualitet, tenkjer kanskje mange. Men dei har undervurdert hest. Han flirar og kosar seg i det han leiar dei nedover ein humpete veg mot bestialitet og virale nasty-videoar posta på Youtube-kloningar og sjokksider med hard dokumentasjon av jenter som har vorten leia ut i prostitusjon og nedvergelse av hest.

Det triste med heile denne historia, om ein ser vekk frå den generelle naiviteten folk har til hest sine motiv, er at dette usle dyret, til trass for å ha dopa seg på alt av trendy pop-dop, ikkje greidde meir enn tredje plass. Kva var då poenget? Ein kan ikkje dope seg og tape? Då er jo heile poenget vekke. Hest er kanskje kynisk og utan moral, men tydelegvis ikkje særskild smart.

Eller er han mykje smartare enn vi har antatt? For korleis ville det gått om hest ikkje hadde dopa seg? Då ville den hamna på ei plassering der ingen brydde seg korkje om den eller folk som sat oppå han. No skapa den mediesirkus. Skandalar. Opprør. Den øydelagde kva som skulle verte ei høgd i livet til eigaren. Fyrst hausa hest opp alt. Sette heile hestemiljøet i ekstase, før den knuste det ned og øydelagde den skjøre fasaden som held dei saman. Intrigar, hat, misunning. Alt kjem for ein dag når hest sin diabolske plan vart sett i rørsle.

Eg har deg i sikte, hest. Du kan kneggje så nonchalant du berre vil, men eg veit kva du planleggjer.


Kjelder og slik:
- Folk i hestemiljøet er lei seg (VG-Nett)


Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet