Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Her er ein ting eg ikkje skjønner. Ei kvinne står fram i BT og seier ho har skifta namn frå Therese til Veronica. Og det må jo vere lov. Men på slutten kjem ho med følgjande utsagn:

Navn har innvirkning på personligheten. Når du hører det gjentatt flere ganger om dagen, så er det med på å programmere deg. Siden jeg opplever Veronica som et lett navn, så føler jeg det er lettere å sprudle nå. Det er som om ting faller på plass, et steg på veien i å finne meg selv.

Er det verkeleg slik at folk går rundt og trur namnet sitt har ein innverknad på kven ein er som person? Og dersom det stemmer, så ser eg ikkje for meg at personen i utgangspunktet hadde så mykje å by på.

Personleg heitter eg Stian til fornamn. Ikkje så forbanne mykje å skryte av, og eg syns ikkje at det berikar livet mitt på så mange måtar. Einaste må vere at det er mykje betre at folk ropar «Stian?» når dei skal ha tak i meg enn «Hei, du feite der borte som sit og stirar på bøbben du nett plukka ut av nasa og vurderer om du skal ete den eller tørke den av på sofaen?»

Sånn sett har namnet mitt ein funksjon – nemleg det å skilje meg ut frå eit gruppe menneske som ikkje deler namnet mitt. Sjølvsagt, det er ikkje så forbanna mange av dei gruppene ettersom namnet mitt toppa statestikken omkring då eg vart fødd, men framleis er det betre enn «Han som står der og plukkar seg i øret og lurar på kvifor ørevoks smakar så mykje verre enn snørr.»

Og kvinna i artikkelen skifta namn til Veronica. Det er i alle fall eit keisamt namn. Det seier absolutt ingenting om noko som helst. Skulle eg ha skifta namn, burde det vore til noko badass slik som Valdleik Brutalis eller Bruce Wayne. Eg hadde uansett ikkje skifta namn til Veronica.

Ein kompis av meg skifta namn til Jan Teigen. Då har han i det minste ein funksjon med namneendringa. Han skifta ikkje fordi han var ein optimist, eller fordi han har lyst på litt meir. Det var fordi han då kunne starte å signere med «Jan Teigen» kvar gong han må skrive under på noko, og dermed kunne han anten komme med ein vits eller observere eit artig uttrykk hjå dei som las det. Humor var openbart målet ettersom ingen nokon gong har fått god sjølvkjensle av å samanliknast med Jahn Teigen. Eit anna frynsegode var at eg kan fortelje drikkehistoriar om den gongen meg og Jan Teigen downa ei kasse øl og ei heilflaske cognac på ein kveld, noko som berre forsterkar den humoristiske effekta.

Men det er tingen. Er det verkeleg slik at folk går rundt og let seg sjølv identifisere av namnet sitt? Når eg står naken framfor spegelen og beundrar kroppen min kvar morgon, så er det siste eg tenkjer på «Stian». Eg tenkjer «DIGG!». Eg planleggjer ikkje skifte namn til «DIGG!» av den grunn. Sjølv om eg strengt tatt burde.

Er ikkje dette meir eit spørsmål om manglande sjølvtillitt? Kan ikkje folk som heitter Rakel vere like populære og lukklege som Rachel? Namnet handlar vel eigentleg ikkje så mykje om ein sjølv. Ein brukar då aldri sitt eige namn til å tittulere seg sjølv med mindre ein er proffboksar eller galen eller begge? Det er andre som må bruke namnet ditt, og det bør i såfall vere deira problem.

Ein fyr som eg studerte i lag med hadde ei ganske hands-on lausing på det. Han kalla meg for Knut - fordi han meinte eg såg ut som ein Knut. Personleg har eg eit inntrykk av namnet Knut som ein tynn og svak mann, men det hadde openbart ikkje min medstudent. I alle høve så tilpassa han namnet slik at han følte det var lettare å tittulere meg. Kanskje han hata å kalle folk Stian, men det var isåfall hans problem. Ikkje mitt.

Eg seier ikkje at folk ikkje bør kunne skifte namnet sitt viss dei føler at det er eit verkeleg problem at dei heitter noko. Viss nokon heitter noko som lett kan latterleggjerast slik som Steinar Lem eller Fabian Stang, så forstår eg det fullstendig. Personleg ynskjer eg rett nok heller at dei to startar eit primetime talkshow med tittelen «Stang og Lem», men det blir ei fullstendig avsporing.

Viss ein heitter noko som er fullstendig dust, så er det forståeleg at ein vil endre namnet sitt. Men sjølv folk med morosame alluderande namn tippar eg ikkje har all sjølvkjensla si bunde opp til det. Dei er antalegleg berre leie av alle penisvitsane, men eg tvilar på at dei føler namnet held tilbake sjølvrealiseringsprosessen deira. Vil verkleg ei endring frå Therese til Veronica gjere ei permanent endring dersom ein er fundamentalt misnøgd med seg sjølv, eller er det berre eit mellomsteg på vegen til næraste plastiske kirurg eller scientologivervekontor?

For viss det å heitte noko ein er fullstendig nøgd med er alt som skal til for å leve eit fantastisk liv skal eg vere den fyrste til å skifte namnet mitt. Isåfall kan de frå no av adressere postkorta dykkar til Digg McBadass.

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet