Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Her er ein ting: Kvifor skaffar eigentleg folk seg hund? Kva sinnssvak tankegang er det som ligg bak ei så idiotisk avgjerde som å putte ein ulv inn i sitt eige hus og håpe at den ikkje eter deg medan du sover?

Folk som skaffar seg ungar kan eg forstå. Eg syns framleis det er fullstendig idiotisk av dei, men eg trur eg kan sympatisere med det underliggjande motivet. For kven har ikkje drøymd om ei verd med fleire utgaver av ein sjølv? Folk som deler eins oppfatningar, håp, tankar, som kan realisere alle eins tapte draumar og som kan trenast opp til å hate dei same tinga som deg? Sjølvsagt, alle desse tinga blir knust med ein gong avkommet kjem i fjortenårsalderen og ein opplever seg sjølv utbryte "Det der er ikkje musikk. I mine dager hadde vi..."

Det er uansett ikkje poenget. Poenget er at eg kan forstå den egosentriske narsisismen som ligg bak det å skaffe seg ungar. Men hund? Der står det stille for meg. Ein hund vil aldri bli smart nok til å hate det same som deg. Rett nok, dersom ein berre hatar naboen, postmannen eller alle fotgjengarar med nyvaska sko, så er ein hund det perfekte verkty for å dele ut si vrede.

Men ein hund vil aldri kunne hytte neven mot TV-skjermen i takt med deg kvar gong Kristin Halvorsen er på Dagsrevyen. Den vil aldri kunne gje psykologinæringa ei stabil inntekt gjennom vekentlege 900-kroners timar der den forteljer korleis du aldri fortalde at du elska den. Den vil aldri kunne skrive sjokkbøker om barndommen sin der omtala av deg skapar krigstyper i dagspressa.

Ikkje er dei særskild bra dersom ein vil utnytte dei seksuelt heller. Sjølvsagt, det er ikkje noko problem å slenge kuk i hunden av og til, men eg ser for meg at viss den ein dag bestemmer seg for at nok er nok, så vil den og dei sylskarpe tennene den har (fordi den er ein ulv) seie i frå på mest effektivt vis. Kall meg gamaldags, men eg føretrekkjer heller eit klynkande "stopp" fulgt av stille hiksting, heller enn eit konkret "jafs" etterfulgt av mi eiga høgfrekvente skriking.

På den andre sida er antaglegvis seksuell utnytting ikkje gode argument for nokon av sidene. Og økonomisk sett er det meir forsvarleg å skaffe seg hund enn unge. Men om ein tenkjer konstnad versus verdi så kan ingen av desse objekta eigentleg forsvarast særskild.

For hundre år sidan var det ein viss monetær verdi i å fylle bakhagen med vandrande spermkonsekvensar, sidan dei kunne arbeide gratis for deg, men no for tida har såkalla progressiv lovgivning stogga det som tidligare var kvarmannsen sin fot innafor den storkapitalistiske døra - ulønna arbeidskraft er nett den vitamininnsprøytninga dagens strevande gründer kunne hatt bruk for.

Katt derimot kan eg forstå. Ein katt er ikkje så mykje eit kjeledyr, som den er ei gjensidig ikkje-angrepsavtale. Den plagar ikkje deg med å måtte gå turar heile forbanna tida, og du plagar ikkje den med å tvinge den til å dra deg opp fjellsider kvar gong midtlivskrisa setjer inn. Vegane dykkar kryssast som regel berre kvart måltid, og for kos i ny og ne. På mange måtar er ein katt ein økonomisk forsvarleg versjon av ekteskap.

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet