Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Kven i helvete er desse folka som klappar på kino? Er du ein av dei? Antaglegvis ikkje då eg antar at alfabetisme er eit konsept som ligg langt høgare enn kva hjernen til ein slik er i stand til å forstå. Og det er ikkje som om det er vanskleg å forstå kvifor klapping på kino er totalt idiotisk heller. La meg forklare grundigare for dei av dykk som er for dust til å forstå kvifor.

Når ein klappar for nokon, eller applauderar om du vil, så er dette ofte for å uttrykke anerkjenning. Det er imidlertid ikkje slik at dette er eit universelt verkemiddel. Ein klappar til dømes ikkje som respons i ein dialog mellom to eller fleire personar. Her er det meir vanleg å uttrykke entusiasme og anerkjenning gjennom verbal kommunikasjon, då dette gjev rom for nyansar klapping aldri har vore i stand til.

Klapping kan kun forekomme dersom ei større gruppe menneske skal gje direkte positiv tilbakemelding til ei mindre gruppe eller eit einskild individ, men utan å måtte stille seg i kø eller tale i munnen på kvarandre. Det er ein mange-til-ein gest brukt i direkte kommunikasjon.

Og her kjem problemet. Dersom ein ser eit teaterstykke, så klappar ein som regel på slutten dersom stykket var bra. Ein kan umiddelbart sjå korleis applausen påverkar skodespelarar, regissørar og andre folk som måtte føle seg æra. Publikum mottek eit svar i form av bukking og tilsvarande. Det er eit eksemplarisk døme på god tovegskommunikasjon.

Når ein er på kino, så er ikkje menneska på lerretet faktiske menneske. Det er berre ei serie bilete som er vist i kjapp og organisert rekkefølge. Skodespelarar, regissørar, manusforfattarar og andre produksjonsmedarbeidarar er i dei aller fleste tilfelle ikkje til stades i salen. Ofte kan dei befinne seg i andre land, eller kontinent til og med. Det er så godt som aldri slik at desse menneska er i radius for klappinga si rekkevidde. I tilfelle der dette ikkje stemmer, så gjeld kritikken min sjølvsagt ikkje.

Difor blir det fullstendig meiningslaust å klappe etter ein film er ferdig. Ein klappar for ein vegg. EIN VEGG FOR HELVETE! Det er ingen folk som mottar applausen. Det er ikkje noko føremål med energien ein nyttar på å klaske dei feite hendene sine i lag. Seri-jævla-øst: Ein står og klappar for ein vegg!

Gitt min tidligare definisjon av film som ei serie bilete, så er det like naturleg å gå inn på nasjonalgalleriet og starte vill og hemminingslaus klapping framfor kvart enkelt av bileta. Eller verkar det kanskje litt rart? Jau. Eg er med på den. Fordi det er heilt fullstendig tullete. Nøyaktig like tullete som å klappe på kino. Ikkje meir. Ikkje mindre. Nøyaktig like mykje.

Den einaste personen som er i nærleiken av å fortene applaus etter ein kinofilm er maskinisten. Og han har strengt tatt ikkje gjort korkje eksepsjonelt eller platt arbeid så lenge filmen går frå start til slutt utan å havarere på vegen. Noko som er minimumskravet for jobben hans, og dermed ikkje applauderbart.

Og kvar skal det stogge? Viss det er greitt å klappe for ein vegg etter at den har blitt brukt til å syne bilete, så kan ein vel klappe for kva som helst? Skal eg klappe for toalettet mitt kvar gong eg spyler ned? Det imponerar meg minst like mykje som at ein vegg er i stand til å bli nytta til å syne bilete. Skal eg klappe for taket mitt for at det ikkje kollapsar og tar livet av meg medan eg sover? Det reddar jo livet mitt kvar dag. Helvete, skal eg berre gå konstant rundt og klappe heile dagen for å sikre at alle hendingar og fenomen som måtte inntreffe vert applauderte?

Eg vil hevde nei. Eg vil hevde vi bør setje grensa ein stad. Og den staden er milevis på andre sida av «klappe på kino». Den staden er ein trygg og god stad der ein ikkje risikerer at galningar slår hendene sine saman i begeistring for livlause objekt kvar gong det måtte falle dei inn.

Og til dei av dykk som måtte påstå at det er ein spontan reaksjon som de ikkje kan kontrollere: Ta livet av dykk sjølv. Det er ei mykje betre løysing for oss alle.

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet