Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Seriøst. Er det ein ting eg er god på her i verda, så er det å drikke alkohol i kva som helst tempo. "Fort" er ikkje noko utfording. "Fort" er standardinnstilling - "seint" er mykje meir problematisk.

Så kvifor i alle helvete har nokon i det heile tatt påtenkt ideen om ein drikkeleik? Eit sosialt konstrukt oppdikta utelukkande for å auke tempoet på deltakarane sitt inntak av alkohol.

Eg tar ikkje poenget? Finst det verkeleg folk som mislikar det å drikke så mykje at dei må bli utsatt for gruppepress for å greie å nå berusa tilstand? Og viss det er tilfellet, kvifor drikker desse menneska i det heile tatt?

Viss ein ikkje ein gong greier å overkomme den mikroskopiske alkoholsmaken som finst i sukkernedtynga rusbrus eller kvafaen slike folk drikker, så finst det då mykje betre alternativ. Slik som å la ver å drikke. Eller for å vere meir realistisk, narkotika.

Sjølvsagt. Eg kan skjønne korleis ein eller anna slibrig type ein gong i tida oppfant drikkeleiken for å skjenke jenter så dritings at dei ikkje var i stand til å gjere fysisk motstand eller hugse kvelden i ettertid. Men jenter som har vakna opp nyvaldtekne må då etter kvart innsjå mønsteret fjerde eller femte gongen dei er innom abortklinikken eit par månadar etter siste drikkelek?

Så det kan ikkje vere forklaringa på kvifor drikkeleikar har overlevd.

Ei anna forklaring kan vere det sosiale aspektet. Drikkeleikar fører til at ein ler og kosar seg, og har ofte upassande kroppskontakt med framande menneske som liknar påfallande mykje på søstera si. Og sånn sett fungerer det som ein katalysator for den sosiale olja alkohol kan seiast å vere.

Her finst det då mange betre alternativ. Spel poker! Spel klespoker! Spel russisk rullett! Sistnemnde vil til og med ha den bieffekta at deltakarar vil aktivt drikke seg til mot, og dermed oppnå same resultat som drikkeleikar.

Men nei. Trass alternative vorspielaktivitetar overlever drikkeleiken stadig. Det mest sannsynleg på grunn av at desse menneska som syns det er fantastisk utriveleg å kjenne alkoholsmak, trenger ein eller anna måte å få seg til å fyre innpå. For ein må jo sjølvsagt drikke - sjølv om ein hatar smaken og sjølvforakta ein vaknar opp med dagen etterpå. Alle andre diggar det jo, så då må det vere slik.

Men for fuck's sake. Ta hovudet ut av det rævholet av usikkerhet du har det i. Desse drikkeleikane de stadig skal drive med er eit problem for oss som har null problem med å bøtte innpå utan å måtte nytte gruppepress som eit verktøy. Drikkeleikar aukar det naturlege tempoet vi har brukt årevis på å utvikle heime i vår eigne stover.

Her har vi finjustert kor mykje pils vi kan fyre innpå i timen utan å ende opp som valdelege idiotar med manglande intimgrenser. Og når denne balansen blir skutt i stykker av ein eller anna fullstendig unaudsynt drikkeleik, så kan vi ikkje lenger ta ansvaret for at det nye persiske teppet ditt er fullt av halvfordøyd grandiosa eller at katten din går litt rart dei neste vekene.

Drikkeleikar er like gode til å gjere ein kveld meir artig som ei fyrstikk i bensintanken er god til å gjere bilen din meir kjapp. Slutt med dei. Vi har fått nok. Vi leiker gjerne andre sosialt utskjemmande og flaue idiotpåfunn, men drikkeleikar hindrar vår evne til å vere konstant dust over lengre tid utan å ende opp sovande med tusjteikningar i trynet, eller berserke med knyttnevar i trynet på mennske vi er overtydd snakka drit om mødrene våre.

Og det er negativt for alle partar. Mest av alt for den stakkars hamsteren min. Sorry Putte – men på den andre sida, kva forventar du når du kler deg som ei hore?

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet