Norsk Akademi for Naturmedisin (NAN) fortviler over at alle som vil kan kalle seg for homeopat. Som homeopat tek eg sterk avstand frå det standpunktet.
Eg ser ikkje poenget i at eg skal måtte fullføre haugevis med kurs for å kalle meg homeopat. Når eg dikter opp vrøvl som ikkje fungerer, og tvinger det på mine mangetallige og økonomisk lukerative pasienter, så har det ikkje så mykje å seie om mine påfunn samanfaller med dei til andre homeopatar. Eg ynskjer jo uansett ikkje at mine offer, eller pasienter, skal bytte til andre homeopatar. Difor har det ikkje så mykje å seie om min oppdikta pseudovitskap er samstemd med andre sin.
Og det er ein anna ting - viss eg fyrste skal vere homeopat og bruke mi tid og mine ressursar på å tene penger på å utnytte menneske sine genuine medisinske plager, så vil eg ikkje gå rundt og dele den feite profitten min med ein eller anna svindlar som driver eit halvhjarta brevkurs der dei spreier vrøvlet sitt. Eg er minst like god til å vrøvle som einkvar brevkursundervisar.
Men sjølvsagt. Eg kan forstå at dei som allereie har gitt frå seg ein haug med penger til ein eller anna lurendreiar for å få eit diplom som tyder nøyaktig ingenting, er interesserte i å beskytte tittelen sin slik at vi andre homeopatar som er smarte nok til å behalde heile profitten sjølv ikkje skal kunne le av dei.
Dessutan kan konkurransen bli mindre kraftig viss ein har lov til å ekskludere folk frå å kalle seg for homeopat når dei dikter opp medisinske metoder. Og det kan bli problematisk for meg å vere noko anna enn homeopat, sidan andre alternative behandlingsformer krev at eg har ei viss aning om kva eg held på med. Viss eg som akupunktør stikker nåler inn i sensitive nerver, så kan det vere at kundene mine ikkje kjem åtende. Viss eg som fotsoneterapaut driv å kitlar alle eg er borti, vil dei nok ha problem med å ta meg seriøst.
Men innan mitt fag, homeopatien, så kan eg ikkje gjere feil. Der er det berre å koseprate med pasientane heilt til dei føler seg betre, og så etterpå gje dei ein haug med sukkerpiller med kreative namn. Vatn har aldri drept nokon - i alle fall ikkje i så små mengder som eg opererer med.
Dessutan - kvifor vil dei ikkje at så mange som mogleg skal verte homeopatar? Det hadde jo vore ein fordel om vi fekk dobbelt så mange lækjarar. Då må det jo vere bra om vi får dobbelt så mange homeopatar? For sidan homeopati virker, så vil det jo redusere kostnadane til helsenoreg dersom flest mogleg bytter til homeopatisk behandling? Ikkje minst vil det så godt som fjerne behovet for eldreomsorg.
Nei. Vi bør ikkje beskytte homeopat-tittelen. Viss vi gjer det så fører det berre til at eg må dikte opp ein ny medisinsk pseudovitskap når eg skal lokke pengar ut av menneske som er i desperate situasjonar. Og det ville vore umoralsk. Eg skal tross alt tene pengar til mat, eg og.
Kjelder og inspirasjon:
Trenger ingen utdannelse:
- Hvem som helst kan kalle seg homeopat (VG-nett)
James Randi explains homeopathy (youtube)