Eg sat og funderte litt her ei natt: Eg går rundt og er ein kvit mann i verdas rikaste land, noko som gjer det sannsynleg at eg er ein rasist. Så eg starta å tenkje litt. Er eg ein rasist? Kanskje. Eg har eigentleg aldri tenkt over det.
Men så er det dette med hat, som er eit konsept eg har tenkt mykje over. Rasistar driver og hatar ting - og hat er ein ting eg kan. Eg hatar haugevis med ting. Folk, dyr, ting, kjensler, idear, konsept, ideologiar og sub-atomiske partiklar. Men til tross for mitt vide og opne sinn om kva ting eg kan hate og ikkje, så har eg eit kriterium for hat: For å hate ting treng eg å vite kva eg hatar. Eg må ha irritert meg over hatobjektet, og deretter utvikla eit utbreidd raseri over objektet sin ibuande idioti.
Det leiar meg videre til følgjande: Eg har ikkje nok erfaring med ulike raser til å gå rundt og hate dei. For at eg skal hate ting er eg nødd å ha store mengder negativ erfaring med dei. Det krev energi å hate ting, og for at eg skal vere villig til å kaste vekk nokre av mine overflødige kaloriar på å gå rundt og hate ting, så bør eg ha ein sabla god grunn.
Sett at nokon av ein anna hudfarge - eller legning - eller religion - eller hattestorleik - skulle ha irritert meg ufatteleg mykje, så trur eg at eg ville vald å fokusere hatet mitt på den spesifikke personen. Kanskje til og med familien hans og vennene hans, men sjølv det kan bli for stor spennvidde for hatet mitt.
Om eg skulle ha starta å hate alle som tilfeldigvis delte eit eller anna fysisk karaktertrekk med personen, så måtte eg fyrst ha vald kva karaktertrekk eg skulle vurdere. Sjølvsagt, enkelte ting er lettare å få auge på enn andre, og slik forstår eg forsåvidt ressoneringa bak det å velje farge eller nasjonalitet.
Men uansett kva kriterium eg vel, så vil konsekvensen vere at eg vert distrahert frå å hate den som gjorde meg urett. Å spreie den avgrensa mengda hat eg har til rådigheit ut over ei heil folkegruppe syns eg blir bortkasta. Det vil gjere det vanskeleg for meg å fokusere nok hat på kvart enkelt individ til at eg kan seie meg nøgd med mengda vrede og aggresjon eg kan dele ut til kvar enkel person.
Og dette med individ er det viktigaste for meg. Til helvete med grupper. Alle er ein minoritet viss dei berre leitar godt nok. Eg er ein blod-individualist, og kvifor skulle hat vere unntaket? Folk fortener ikkje meir hat enn dei har provosert seg til. Det er ikkje som om eg har uavgrensa hat å dele ut til kvar einaste person som kjem vandrande med eit stygt tryne og skeive tenner, så då bør dei for svarte gjere seg fortent til å bli hata før eg gidd å skubbe blodtrykket mitt opp mot helseskadelege verdiar på deira vegne.
Helvete - hat skal tyde noko. Folk skal merke det når eg hatar dei. Viss eg skal gå rundt og hate heile jævla Afrika og halve resten av verda, korleis kan eg då uttrykke dette hatet? Det vil vere umogleg å banke opp alle saman. Eg har ikkje kreativitet til å skjelle ut kvar einskild person sine fysiske defektar. Det ville fort utvikle seg til eit livsverk, og slikt har eg ikkje tid til viss eg skal pleie min hobbyalkoholisme og kompulsive latskap.
Hat skal merkast, og rasisme er bortkasta energi.