Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Han gjekk med tunge skritt inn på lækjarkontoret. Poser under auga. Bleik i fjeset.

"Og kva er problemet," spurde den gode doktoren med eit sterilt toneleie over dei nasefesta brillene sine.

"Kan du fjerne denne?" sa mannen og peika.

"Kva?" spurde doktoren, som om han hadde misfortått noko.

"Denne," sa mannen og gestikulerte med peikefingeren i same retning som tidligare.

"Den held meg våken heile natta. Aldri fred å få. Umogleg å sove. Neste dag får eg ikkje gjort ein drit på grunn av alt som skjer med den i løpet av natta."

"Men..." Doktoren vart avbroten.

"Det er uuthaldeleg. Idear. Innfall. Same scenarier om att og om att kvar einaste kveld utan at det går noko som helst veg. Stadig noko nye ting som vekkjer meg att. Ofte må eg stå opp og tømme det ut berre for å få nattero att. Og jo meir som kjem, jo meir fostrar det. Ein ond sirkel."

"Du kan ikkje meine at..." Igjen vart doktoren avbroten.

"Jau. Eg vil berre ha den vekk. Den gjer meg ingenting anna enn pinsel og irritasjon og skam og ei stadig aukande kjensle av å vere ubetydeleg og udugeleg. Eg vert stadig meir deprimert. Livskrafta forsvinner sakte ut av meg på grunn av at den skal te seg slik kvar einaste kveld eg prøver å sove."

Han pusta tungt før han haldt fram. "Ein mann orkar berre så mykje. Eg har fått nok. Den må vekk. Kjapt."

"Men du må jo skjønne at du vil døy utan?" kom det oppgitt frå lækjaren.

"Same det. Det vil vere passande. Då vil den ubrukelege overaktive hjernen min endeleg lære å halde kjeft når eg vil sove."

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet