Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Det er ingen løyndom at den siste tida har vore låg på kvalitetsstoff på denne nettstaden. Difor føler eg at det er på sin plass å fortelje kvifor:

Eg har starta å bruke narkotikum.

For at det heile ikkje skal vere bortkasta, ynskjer eg å kome med nokre observasjonar og tips frå mi tid som slave av opium.

Narkotikum, eller narkotika slik ungdommen kallar det, er ei gruppering av ulovlege stoff som stimulerer ulike deler av sentralnervesystemet eller justerer dei kjemiske balansane i hjernen. Felles for all narkotikum er at den er forbode å nytte. Difor er ikkje alkohol eller kaffi narkotikum.

Når ein startar å bruke narkotikum gjeld det å planleggje godt. Dersom ein gjer feil prioriteringar kan det gå ut over personleg økonomi eller familieforhald. Det er ikkje ynskjeleg.

Planlegg difor alltid godt før du vert startar å nytte narkotikum.

Å verte avhengig er ein stor risiko. Prøv å ikkje verte avhengig då det vil gjere førre avsnitt mykje meir vanskeleg å fullføre. Ein god måte å ikkje verte avhengig på er å ikkje nytte narkotikum i utgangspunktet. Alternative metodar handlar om å ikkje bruke det kvar dag, samt ikkje bruke det så ofte at abstinenssymptom oppstår.

Ikkje bli tatt av politiet. Dette er viktig. Viss du vert tatt av politiet hamnar du i fengsel. Der blir du valdteke av svære menn av den negroide rase kvar dag. Dei fleste ynskjer å unngå dette, anten grunna seksuelle preferansar eller grunna storleiken på nemnde menn sine lem kontra deira eigen endetarmsopning. Difor er det viktig å ikkje nytte narkotikum framfor offentlege tenestemenn eller på stader der det er mange menneske som ikkje set pris på narkotikumsbruk, då desse gjerne kan komme til å telefonere politiet.

Dersom ein ikkje har ein stabil arbeidssituasjon som fører til ei inntekt der narkotikumsbruk ikkje er eit økonomisk problem, kan det vere forlokkande å selje vidare til andre brukarar for å finansiere forbruket sitt. Hugs at narkotikumsdistribusjon i stor grad fungerer på same måte som fleirnivåmarknadsføring, eller såkalla Multi Level Marketing. Dette er same struktur firma som The 5 per cent community nytta, noko som bør gjere deg skeptisk.

Pass på at narkotikumsringen du tilsluttar deg ikkje krev at du sjølv rekrutterer då dette kan vere eit teikn på at organisasjonsstrukturen er basert på MLM. Prøv heller å søkje organisasjonar som baserer seg på meir tradisjonelle organisasjonsformer kjend frå næringslivet. Ikkje nøl med å bli med i ein bande eller eit kartell då desse ofte har rigide kommandostrukturar som tillet karrièreutvikling. Ein mafiastyrt familie kan òg vere aktuelt, men her er det viktig å hugse at soldatar utan direkte blodlinje til leiarskapet sjeldan avanserer til toppnivå i organisasjonen.

Hugs at mange høgt oppe i næringskjeda ofte vert arrestert eller myrda av rivaliserande gjengar, så forfremming er ofte mykje raskare enn i tradisjonelle firma. Dette kan vere ein fordel for deg då det vil føre til at du stiger i gradene raskare, men kan òg vere ein bakdel då dine overordna gjerne kan vere underkvalifiserte grunna for hastig promosjon.

Dersom du kjem høgt opp i kjeda er det viktig å kommunisere eksklusivt gjennom få menneske – og berre dei ein stolar på. Ved for mange kommunikasjonskanalar vert risikoen større for at minst ein av dei er villige til å angje deg til politiet ved arrestasjon. Bring gjerne din eige familie inn som direkte underordna, då desse har ein mindre risiko for å vere angjevarar for politiet. Helst bør du opparbeide deg ein status om farsfigur (eller morsfigur, alt etter kva kjønn du måtte definere deg som) for dei menneska som jobbar i direkte kontakt med deg. Det vil lage eit meir kraftig band som grunna elementær psykologi vil vere veldig vanskeleg å bryte ved tøffe avhør etter arrestasjon.

Merk: Dersom du allereie har ein son eller dotter er det ikkje tilrådd å nytte desse, då målet ditt alltid må vere at neste generasjon skal tene til livets opphald på ærleg vis. Dine grusame handlingar er sjølvsagt berre av sosiale grunnar, og med den makta du opparbeider skal ikkje dine etterkommarar vere belemra med di miserable skjebne. Bruk difor heller nevøar, nieser eller andre meir distanserte slektningar.

Det viktige i denne fasen er i alle høve det fyrste punktet nemnd: Ikkje ver avhengig av narkotikum. Det vil påverke dine evner som strateg og forretningsplanleggjar. Slutt gjerne med narkotikum dersom du når toppen av kartellet då det vil bli sett på som eit svakt punkt blant dine underordna.

Slik. Dette er altså grunnen til at eg har vore litt distansert i det siste. Forhåpentlegvis vil mine erfaringar innan internasjonal narkotikumsdistribusjon ha ført til at andre kan få innblikk i ein av dei mest spennande karrièremogelegheitene vi har.

Neste veke: Traffikking - ei innføring i korrekt valdsbruk mot ulydige underordna prostituerte.

Arkiv - Krematoriet sin guide til verda

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet