Kvart år diktar aviser opp ei rekkje aprilsnarr-saker. Krematoriet har fått tak i nokre av dei refuserte forslaga frå Noreg sine største mediehus. Desse har ikkje blitt køyrd som aprilspøkar, anten fordi dei har gått over streken, eller fordi dei har vore for tett opp til sanninga.
I ein rapport som feilaktig vart utgitt av PST kom det fram at UP har hatt over ni hundre utrykkingar til Jens Stoltenberg si private adresse for å plukke opp lik av prostituerte etter at sex-leik har gått for langt. Drapa skal visstnok ha blitt halt hemmeleg med tanke på riket sin tryggleik, ikkje ulikt korleis det vart gjort med Einar Geraldsen si innblanding i internasjonal marfiaverksemd, eller Kong Olav sin status som ettersøkt folkemordar. Dei to sistnemnde er sjølvsagt i dag kjende saker i norsk historie.
Det er uklårt i kva grad Stoltenberg sine mord er eit aktivt tiltak for å kvitte seg med alle prostituerte, eller om statsministeren berre er eit umenneskeleg sex-monster. Statsministeren sitt kontor har ingen kommentar til saka, men ber samstundes alle prostituerte å kontakte dei for å få tips om korleis dei kan vere mest mogleg trygge.
I ei pressemelding går samtlege forskarar ut og innrømmer at evolusjonsteorien berre var løgn. Det var i følge pressemeldinga Satan som hadde inspirert alle forskarar i heile verda til å kome med teorien. «Satan gav oss masse pengar og jomfruer,» uttala ein forskar i ein kommentar. «Satan er digg,» konkluderte han før han beit hovudet av eit spebarn.
Sidan evolusjonsteorien no er avslørt, fell den vitskapelege konsensusen attende til Bibelen si skaping fordi den er det einaste logiske og plausible alternativet. «Eg finst,» uttaler Gud i ein kommentar.
Folkehelseinstituttet anbefaler alle AIDS-sjuke å ete si eige avføring fem gonger dagleg. Dette vil etter to veker kurerer AIDS, i tillegg til å gjere tennene deira langt kvitare. Videre tilråder dei AIDS-sjuke å komme seg i arbeid, og ikkje berre liggje og dra seg på sofaen heile jævla dagen.
I lys av dette påpeikar dei vidare på at folk ikkje bør bruke kondom då det ikkje er kult. «Seksuelt overførbare sjukdommar vil ikkje lenger vere eit problem og då er det ingen grunn til å gå med regnfrakk innandørs lenger,» står det å lese i pressemeldinga.
USA sin president George W. Bush uttala at 11. september 2001 berre var ein aprilspøk. «Dette var ein massiv konspirasjon sett i gang av den skjulte skuggeregjeringa vår for å overta verda,» fortalde presidenten «diverre vart vi avslørt av ei rekkje tenåringar sine dårleg redigerte, dokumentarisk elendige og uvitskaplege youtube-videoar.» Bush konkluderte tala si med å seie eit par ord feil, slik at folk kunne leggje klippet ut på bloggen sin og gjere narr av han.