Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Det var ein vakker og harmonisk morgon. Av den typen ein berre finn att i 30-talet sine Disney-filmar der fuglar syng og dansar til klassisk musikk. Kriminaletterforskar Johanson stod og såg opp mot den blå himmelen. «Sabla fin dag,» mumla han for seg sjølv. «Sabla fin dag.»

Dagen hadde diverre ikkje vore like sabla fin fram til denne litle augneblinken. Den hadde starta på verst tenkjelege måte: Med den mest sjokkerande type mord som eksisterte – folkemord.

Kriminaletterforskar Johanson hadde kome til åstaden rimeleg tidleg. Han såg haugane med lik og råtnande kroppar toppe seg ut over den store marka. «Og kva har vi her?» spurde han kriminalassistent Ivarsen medan han tente pipa si.

«Det ser ut som den etnisk distinkte befolkninga av denne landsbyen har blitt slakta ned brutalt av paramilitære styrkar,» svarte den unge og ivrige assistenten. Den eldre, meir erfarte etterforskaren nikka sakte på hovudet medan han tok inn over seg assistenten sin iver. På gode dagar kunne han sjå eit lite glimt av sin eigen friske og idealistiske ungdom i det uskuldsreine ansiktet hans.

«Ved fyrste blikk ville eg òg ha trudd det,» sa Johanson tvilande «men å undersøkje åstaden grundig er ein kvar kriminaletterforskar si største dyd. Medan du ser eit folkemord utløyst av århundre med etnisk konflikt i eit multikulturelt og tett befolka samfunn der fattigdom og politisk ustabilitet har ildna oppom allereie eksisterande fordommar, vel eg å sjå åstaden som kontekstlaus for å kunne utbrodere alle tenkjelege scenario. På den måten kan eg dedusere det som er mest sannsynleg utan å føle meg bunde av pre-eksisterande inntrykk.»

Kriminaletterforskaren likte å halde små taler for sin assistent. Det gav han ei kjensle av autoritet å kunne undervise den yngre og uerfarne kollegaen på denne måten. Dessutan hjelpte det han å behalde gløda for jobben sin, heller enn å verte desensitivisert og låst fast i rutinar. Forholdet mellom han og den unge assistenten var likt eit mellom far og son, noko som passa han bra då jobben aldri hadde gitt han rom til å ha eige familie.

Assistenten snudde seg mot åstaden att. Han starta å spasere rundt blant dei mange lika og undersøkje detaljar han kom over meir nøyaktig. Johanson patta eit par trekk av pipa si medan han betrakta sin protege sin iver etter å imponere han. Ikkje at den eldre etterforskaren nokon gong ville innrømme det for nokon, minst av alle seg sjølv, men gleda dette profesjonelle forhaldet hadde gitt han var nok ein av dei største grunnane til at han for eit par år sidan hadde lagt flaska på hylla ein gong for alle.

«Sjå her, Johanson» ropte den unge assistenten og vinka etterforskaren bort til seg. Han hadde funne ei udetonert granat mellom eit par av lika. «Det ser ut som ei granat frå ein M203 granatkastar,» proklamerte assistenten entusiastisk. «Og kva seier det deg?» spurde Johanson med eit klasseromsautoritært tonefall. «Det er eit populært våpen i mange ulike land sine forsvar, hovudsakleg i det amerikanske, men ei rekkje land i Sør-Amerika, Søraust-Asia og Europa brukar òg denne typen våpen i sine væpna styrkar. Åleine seier ikkje dette oss så mykje, men i lag med andre spor kan det vere uvurderleg,» fastslo den unge assistenten.

Etterforskaren var stolt. Han hadde frykta at den unge Ivarsen skulle la sine anti-amerikanske politiske haldningar ta overhand berre på grunnlag av eitt enkelt prov. Det var ikkje uvanleg av Ivarsen å hoppe rett til teoriar om brot på menneskerettar og konspirasjonsteoriar om militært støtta underkuing av lokalbefolkninga si kampvilje i oljerike regionar slik som denne. Heldigvis verka det som om den unge assistenten hadde vore i stand til å leggje hatet sitt mot internasjonal korporasjonsstøtta imperialisme på hylla under denne etterforskinga.

«Men ikkje la mangelen på fleire openbare prov ta frå deg motet, Iversen,» belærte etterforskaren. «Dersom ein ikkje finn tekniske prov med ein gong hjelper det ofte å avsløre motiv for brotsverket. På grunnlag av eit solid motiv er det ofte lettare å tileigne tilsynelatande trivielle gjenstandar ein verdi som spor og prov. Det gjeld berre å komme inn i hovudet på ein gjerningsmann.»

Ivarsen stogga søket sitt, reiste seg opp og vart ståande å nøle. «Kva veit vi om den nedslakta befolkninga,» spurde etterforskaren leiande. «Dei var sterkt territoriale og nekta å flytte vekk frå dei rike naturressursane dei levde blant?» nølte assistenten. «Korrekt. Kva meir?»

«Dei hadde ein hundreårig feide med naboregionen av etnisk, historisk, religiøst og kulturelt ulike menneske?»

«Korrekt. Kva meir?»

«Deira demokratisk valde leiar vart dømd for brot på menneskerettane etter ein amerikanskleia NATO-støtta intervensjon for få år sidan, og han sit no livsvarig fengsel, medan hans fremste general framleis er på frifot?»

«Korrekt. Og kvifor?»

«Fordi dei utrydda alle innbyggjarar i regionen med ei anna trusretning enn den han sjølv tilhøyrde?»

Etterforskaren var stolt. Assistenten hadde ramsa opp alle moment han sjølv hadde tenkt på, og det utan å nøle meir enn det som var høveleg å gjere for å sikre at ein ikkje sa noko dumt. No gjenstod det berre å la han pusle saman spora for å oppklare dette brotsverket, og så kunne dei kalle saka for oppklart og ferdig før lunsj.

Ivarsen derimot var usikker på kvar etterforskaren var på veg med dette. Han kunne ikkje sjå noko openbart samanhengjer i det hans overordna hadde fått han til å ramse opp. Greier du?

Trykk på eller merk det grå feltet for å vise lausing: Det som var openbart for etterforskaren, og ikkje for hans unge uerfarne assistent var at mordaren må vere den folkemordettersøkte generalen som var på frifot. Motivet til den tidlegare presidenten si etniske reinsing var sagt å vere religiøst, men då religion som oftast vert brukt som legitimering heller enn årsak i konfliktar, var det meir nærliggjande å tru at økonomiske interesser spelte ei rolle.

Det var difor sannsynleg at generalen hadde leigd inn ei gruppe med private amerikanske leigesoldatar og utført folkemordet assistert av desse. Dei amerikanske soldatane var veteranar frå den NATO-støtta invasjonen og kjenner difor regionen godt. Vidare er det ikkje uhøyrd for tidlegare soldatar å tene til livets opphald som leigesoldatar i regionar dei har krigserfaring i frå før.

Å utrydde den eksisterande folkegruppa var essensielt for generalen sin plan. Det var nemleg lite tenkeleg at befolkninga ville støtte økonomisk utnytting av naturressursane då den tidligare presidenten hadde spelt på religiøse verdiar som grunnlag for sine brotsverk. Eventuell lojalitet som framleis måtte eksistere blant befolkninga ville bli knust dersom dette inntrykket vart brote offentleg, og det heile vart avslørt som ein kamp om pengar. Difor var folkemord einaste lausing for å få tilgang på ressursane utan å risikere å verte lynsja. Deretter ville det vere ei smal sak å tene pengar på å selje ressursane - anten til naboregionen som ikkje lenger ville vere fiendtlege fordi deira fiendar var utrydda, eller til internasjonale oljeselskap som alltid var på utkikk etter nye uutnytta energibehaldningar. Ein gjennomtenkt og snedig plan som ville sikre generalen alle pengar den tidligare presidenten hadde vore ute etter.

Hadde det ikkje vore for den kløktige etterforskaren og hans ivrige asssistent, sjølvsagt.

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet