Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Ei synsk kvinne innleidd av politiet i forbindelse med ei drapsetterforsking var fredag ettermiddag i stand til å identifisere opptil fleire lokale stadsnamn. Enkelte av dei eksisterte i røynda.

«Dette er utruleg. Det må verkeleg finnast meir mellom himmel og jord. Vi i Politiet er verkeleg glade for at vi har høve til å nytte våre alt for knappe ressursar på slike tenester utan at nokon stiller kritiske spørsmål,» uttalar lensmannen til Krematoriet sin utegåande reporter.

Den synske kvinna hadde fredag føremiddag tatt kontakt med politiet, og kort tid etterpå stilte dei to tenestemenn til hennar fulle disposisjon. Fyrst køyrde dei sikksakk på motorvegen ei stund, deretter rygga dei femten mil i motsett retning medan den synske kvinna ramsa opp tilfeldige stadsnamn.

Etter åtte timar kom dei over ein stad som hadde opp til fleire konsonantar til felles med eitt av orda kvinna hadde sagt. «Det er fantastisk,» uttaler ein av tenestemennene. «Eg pleidde å vere skeptikar, men etter at eg slutta å bruke kritisk sans når eg vurderte ting oppdaga eg at synske verkeleg kan gje oss eit unikt perspektiv. Det er utruleg kor mykje meir ope verdssyn ein får dersom ein trur på alt ein vert fortald.»

Ti timar med vill køyring seinare ba kvinna dei stogge, ettersom ho måtte ut for å spy etter den turbulente bilturen. Men ikkje før ho hadde fått brekt seg, kalla ho bort politimennene til ein pytt som bestod av eit særs illeluktande og galle-liknande materiale. I tillegg var blandinga varm, noko som kan tyde på at drapet dei etterforska fann stad i mykje nyare tid enn fyrst antatt.

Sjølv om dagens køyretur ikkje eksplisitt eller implisitt førte til noko som helst resultat, er politiet entusiastiske og vil i løpet av morgondagen ta med fire-fem andre synske dei har fått tak i til den låge prisen av 15,90 pr/min på ein tilsvarande tur.

«Då eg gjekk på politihøgskulen fekk eg aldri høyre at politiarbeid var så lett og moro som dette,» konkluderer den eine av tenestemennene. «Dei ville alltid ha oss til å tru at etterforsking dreide seg om kritisk vurdering av relevante spor. Slike slitsame metodar har eg endå til gode å sjå... heldigvis.»


Inspirert av:
Bruker synske i Dung-jakten (bt.no)


Arkiv - Nyheitsmagasinet

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet