Brannsjef Petter Johansen er redd den nye ekteskapslova vil føre med seg fleire brannulukker – Legitim kritikk, meiner dei homofile.
«Eg er redd at dersom fleire homofile menn startar å leve som vanlege gifte par i normale leilegheiter vil det føre til fleire husbrannar,» fastslår brannsjefen. Han og andre bekymra medlemmer av lokalsamfunnet tok i går ut ei heilside i ei rekkje regionaviser der dei informerer om brannfaren ved ny ekteskapslov.
«For det fyrste er det ei kjend sak at menn ikkje har har naturleg glidemiddel i analopninga. Dermed vil det ved kjapp og gjenteke penetrering kunne utvikle seg høge temperaturar som følgje av friksjon. Gjerne kan ei gnist slå fram og antenne pyntegjenstandar, gardiner eller liknande lettantenneleg ikkje-funksjonelt materiale hyppig observert i homofile sine bustader,» argumenterer brannsjefen entusiastisk.
Johansen nemner òg at det er større sjanse for at pyromane antenner homofile og lesbiske sine hus, då slike gjerningar kan gje heltestatus i mindre lokalsamfunn. Dermed oppstår det ein situasjon der pyromani kan vere fordelaktig i staden for belastande slik det tradisjonelt har vore. Same kor mykje det hjelper pyromane til å oppnå aksept heller enn forakt grunna deira gjerningar, ser ikkje Johansen på denne utviklinga som utelukkande positiv.
«Det vil kanskje vere bra for dei allereie aktive pyromane, men eg fryktar vi vil oppleve ein epidemi av tidligare skap-pyromane som plutseleg har høve til å leve ut sin kjærleik til flammar uhindra, heller enn å måtte finne seg i eit keisamt dobbeltliv i ein jobb der han må bekjempe sin største glede og draum kvar dag,» seier Johansen med melankolsk lengsel i stemma.
Då Krematoriet sin utegåande reporter tok kontakt med landsforbundet for lesbiske og homofile for ein kommentar, vart han møtt av ein opphissa generalsekretær. «Det er openbart at dette er fyrste legitime kritikk retta mot den nye ekteskapslova,» låg han fram medan han stønna intenst mellom orda. «Vi homofile hadde ikkje tidlegare tenkt på dette aspektet, og vi vil revurdere vårt standpunkt i saka. Ein skal ikkje sjå bort i frå at vi vil snu totalt i dette spørsmålet,» avslutta han til ein eksplosiv orgasme.
Johansen har same erfaring med lesbiske og homofile han har tala med i ettertid av publiseringa av annonsane. Fleire homofile har ringt han og uttrykt støtte til tiltaket, men har vidare beklaga at det ikkje er så mykje dei kan gjere for å hindre regjeringa i å få gjennom den nye lova.
«Om lova vert vedteken er det ikkje så mykje vi kan gjere» konkluderer brannsjefen, «men vi kan ikkje lova same utrykkingskapasitet for bustader til kjende homofile og lesbiske, ikkje utan ei budsjettauke frå regjeringshald.»
Inspirasjon:
Lensmann frykter ny ekteskapslov gir mer kriminalitet (Dagbladet)