Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

- Sak?

Frå tid til anna dukkar det opp ein bloggar som grin over for lite oppmerksemd i bloggnoreg, og skuldar alle andre for å vere ein del av ein «elite», utelukkande med det føremål å bli del av den sjølv. Vanlegvis held eg kjeft om dette.

- Kanskje du skulle gjere det same no?

Ja. Utvilsamt. Metablogging handlar utelukkande om ein ting - bevisst eller ikkje – å skaffe seg sjølv fleire lesarar. Det er litt som å sende opp ein nødrakett på stille hav og håpe du kan vere kompis med kapteinen på redningsskøyta som kjem for å berge deg.

- Du tar ironien her sant?

Sjølvsagt. Eg likar lesarar like mykje som kven som helst anna. Skilnaden var (fram til denne teksten) at eg ikkje gjorde alt i heile verda for å oppnå mest mogleg slike fordi eg overlever sjølv om alt eg skriv ikkje vert hylla som verda sitt niande underverk*. Blant anna difor held eg meg for god til å oppdatere berre for å oppdatere, eller skrive om påstått artige hendingar frå mitt personlege liv.

- Det er vel mest fordi du har eit ufatteleg ordinært og keisamt personleg liv?

Vel, der er eg heldigvis ikkje åleine utan at det hindrar andre i å breie ut sidevis med internmorosame dialogar og artige episodar dei opplevde på bussen.

- Framleis, i motsetnad til deg?

Eg har tydelegvis vanskeleg for å kome noko stad med denne teksten.

- Ikkje ulikt all metadebatt.

Noko som ville vert poenget mitt viss eg var i stand til å ha eit utan å verke frykteleg paradoksal. Tingen blir at metadebatt ikkje er oppbyggande dersom den handlar om kven som har flest lesarar. Alle bryr seg om kor mange som les vrøvlet deira, men så lenge folk faktisk gidder å i det heile tatt lese kva ein skriv, bør vi halde oss for gode til å sutre.

Kanskje både du og mor di er einige om at du skriv bestast i heile verda og at du er så interessant at det burde vore aviser dedikert til å nedskrive alle dine tankar og kjensler, men det finst berre ein måte å verte populær på. Det gjeld for øvrig blogging, forretning, personleg og alle andre aspekt av medmenneskleg kommunikasjon.

- Jaha?

Jepp. Nettverksbygging. Masser egoa til alle menneske du vil bli akseptert av. I blogging blir dette gjort best gjennom kommentering av deira bloggar - og før du veit ordet av det startar andre å massere ditt ego - berre fordi dei ser at du henger med den oppfatta eliten. Dermed kan alle glede seg over ein fantastisk sirkelmasturbasjon av ego – og ikkje minst vil det føre til at vi ikkje treng fleire poenglause og raseriutbrotframkallande metadebattar som gjev det umogleg for oss faste blogglesarar å få lest siste nytt om katten til folk vi ikkje kjenner.

- Konklusjon?

Meg – skjerp meg. Metadebatt er bullshit.


* Der det åttande er ei skrive toast med bilete av Vernon Wells**
** Ja, eg resirkulerer vitsar no. Ingen har lest alt eg har skrive før uansett***
*** Og viss dei har, så var det framleis ein bra nok vits til å gjenta.


Arkiv - Nyheitsspalta Skjerp Deg

Kommenter

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet

Kommentarar:

19.02.2008 15:03:58

picxx

For noen (ikke mange i norge enda vel) handler høye seertall om mere enn å bli hyllet som verdens niende underverk. Det handler i noen tilfeller om å tjene penger, og tro det eller ei, men noen jobber faktisk med å bygge internettsider, og da er det plutselig lengre ikke så rart at man prøver å få flest mulig lesere til de makkverken man publiserer på nett.

Når det gjelder de som likevel ikke vil tjene penger på bloggen sin synes jeg de likesågodt kunne lagt ned og overlatt leserne til de som faktisk vet å sette pris på dem (da i ordets rette forstand, hehe).

19.02.2008 15:47:31

Sjukheit

Ja, det er sjølvsagt eit godt poeng. Kritikken min gjekk i veldig liten grad i retning folk som ynskjer å tene pengar. Slike er ut i frå det eg har obsevert magert til ikkje-eksisterande representert i meta-debatt uansett.

Eg er òg blant dei som meiner det burde vore fleire samarbeid innan blogging for å lage større nettstader med ei viss slagkraft - på den måten ville det vore lettare for kvar enkelt å tilfredsstille båe ego og lommebøker (eg innser at det er i same gate som norske plugins driver). Men dette blir ein anna diskusjon - det, og så er det ikkje som om eg praktiserar dette sjølv ein gong.

20.02.2008 06:14:43

Minneapolise

*massere*

20.02.2008 15:47:26

Odin / Velmont

So fær me sjå kor egomasserande dette inlegget vert då; so langt tri stykk med meg. ;-)

20.02.2008 16:57:43

koew

Om en oppretter en blogg i håp om å tjene penger ved hjelp av ads tilknyttet høye besøkstall, må en på forkant ha planlagt nøye hva siden skal være om og når det skal publiseres. En side som har punktlig publisering - for eksempel hver tirsdag - har en tendens til å skape besøkstall den dagen som overgår de andre dagene (unntak: diskusjonsrelatert besøkstall).

SEO kommer også inn i planleggingen, om en vil bli funnet via søkemotorer og gi god relevanse til sine tekster.

Til slutt er det spredning via andre nettsteder (også for å styrke domene-relevanse), forum og andre "sosiale nettsteder".

Heldigvis vil jeg unngå å ha ads (og AIDS) og drite i hvem som er der eller ikke. Det er min blogg.

22.02.2008 14:37:52

koew

En helt annen ting er hvorfor blir det alltid stille rett etter at jeg har postet en kommentar. Jeg mener Krematoriet burde opprette en automatisk-tilfeldig-kommentar-generator som slår seg på hver gang jeg poster en kommentar. Da kan den for eksempel si "Eg er heilt enig. Du eig.", eller "Eg veit ikkje korleis verda skal vere nøgd utan deg, koew. Du er berre ein knakande kar.".

22.02.2008 14:48:32

Sjukheit

Eg er heilt enig. Du eig. Eg veit ikkje korleis verda skal vere nøgd utan deg, koew. Du er berre ein knakande kar.

Det, og så er det ingen løyndom at eg ikkje alltid syns kommetarfelt til artiklar er like spennande (noko som er tungt reflektert i det at eg sjelden aktiverar dei). Det blir liksom ikkje alltid så mykje grunnlag for videre diskusjon når ein er kome nokre kommentarar nedover lista med mindre ein har kontroversielle og agressive diskutantar.

Meir spesifikt angåande di kommentering så kan det vere eg fryktar at dersom eg startar eit kommentarkappløp med deg er eg dømd til å tape om ein skal tru den empirien eg har frå sivilarbeiderforumet. Før du veit ordet av det må eg betale domeneshop ekstra fordi du har overskride databasekapasiteten min, og då er det laust. Dessutan har vel diskusjonar vi bedriver ein tendens til å alltid ende opp som ting som burde vore på den generelle kommentarsida uansett, der eg gjer eit poeng ut av å svare (gitt at ein ikkje er ein fjorten år gamal skript-kid som ikkje er i stand til å ta arguementasjon).

For å konkludere:
Eg er heilt enig. Du eig. Eg veit ikkje korleis verda skal vere nøgd utan deg, koew. Du er berre ein knakande kar.

(som subtekst: du hadde eit par ting i innlegget ditt som var kommenteringsverdig, men no vart det litt øydelagd av meta-diskusjon, noko som på den andre sida underbygger hovudpoenget mitt i denne artikkelen rimleg bra.)

Legg til nytt innlegg





Krematoriet støttar at alle kan få lov til å seie kva dei vil, uansett kor idiotisk og feil det måtte vere. Men til tross for dette, ser vi helst at denne sida vert nytta til saklege kommentarar som angår overståande artikkel. For intetsigande svada, eller kva som helst anna, besøk den generelle kommentarsida. Innlegg som ikkje er saklege vil verte flytta dit.

BB-kodar du kan bruke i innlegget: [b]...[/b] [i]...[/i] [sitat]...[/sitat]