Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

«Ja. Godt observert. Det er sopp i gryta.»

«Champignon trur eg. Såg dei stod borti vegen her. Likna i det minste.»

«Sjekke sopp-boka? Eg har ikkje noko sopp-bok. Kor mange typar sopp finst det liksom?»

«Seriøst? Kvifor er det så nøye då? Kva er det verste som kan skje liksom?»

«Sjølvsagt er eg kvalifisert. Eg har plukka sopp til middagen min mange gonger.»

«Joda. Seinast for eit halvt år sidan. Eg hugsar det fordi det var kvelden før den mystiske totale nyresvikta mi.»

«Om det så er ein samband, det tok berre tre månadar å rehabiliterast. Det kan eg gjere liggjande på ryggen.»

«Ja, det er sant at eg måtte gjere det liggjande på ryggen. Det er uansett ikkje poenget mitt.»

«Helvete så mykje du skal lage ut av det då. Her slavar eg over grytene og får ikkje så mykje som eit jævla kompliment. Er du stolt no? Er du nøgd? Hæ? Føkk dette. Siste gong eg lagar middag.»

«Verkeleg. Ja, eg låg ekstra omtanke, blod, sveitte og tårer i sausen.»

«Ja. Det var difor det tok så lang tid før den var ferdig.»

«Metafor? Kva meiner du metafor? Sjå her. Korleis trudde du eg fekk desse multiple kutta i underarmen?»

«Du trur du må spy? Jævla høflig du er då. Eg er berre glad at eg ikkje måtte betale for nokon av ingrediensane til middagen viss det er ei slik mottaking eg skal motta.»

«Kjøttet? Eg fekk det hjå ein kompis som eg skulda ei teneste.»

«Ja, når du nemner det så høyrest det rart ut at eg skulle få kjøtt for å gjengjelde ei teneste til han.»

«Eg veit ikkje. Han sa ikkje kva type kjøtt det var. Eg får spørje don Vito i morgon. Sikkert berre fordi han var litt distré - såg ut som han hadde hastverk eller noko.»

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet