«Oi. Jenter. Kvifor skal dei alltid dukke opp kvar gong det er eksamen i staden for elles i semesteret når eg sit og kjedar meg på forelesning? Best eg rangerer dei på ein diskret nummerert skala frå mest til minst pløybar.»
«Har eg sett han fyren to plassar framfor meg før? I såfall kvar? Og kva faen heiter han?»
«Eg er for dårleg til å hugse namn på folk. Det må eg bli betre på. Finst det eit kurs eg kan ta kanskje? Lurar på korleis eksamen i det foregår? Kanskje nøyaktig likt som denne eksamen, berre at ein skal skrive ned namnet på folk ein ser? Det hadde vore noko.»
«Jente nr. 4 på pløybarhetsskalaen må demoterast til 12 når eg ser ho framifrå då nasa hennar er mindre bra enn resten av fjeset.»
«Dette går ikkje lenger. Eg må stire ut i lufta og late som om eg konsentrerer meg om oppgåva.»
«Faen. Eg får ikkje gjort noko på denne måten. Best eg stirar ut i lufta og ergrar meg over at eg ikkje er i stand til å konsentrere meg om oppgåva.»
«Kvifor er eg ikkje i stand til å lese til fag slik som andre folk? Kvifor må eg ha så dårleg konsentrasjon? Kvifor må eg vere så lett distrahert? Kvifor er himmelen blå? Kvifor... eller vent. Det er på grunn av bølgjelengda til blått lys er kortare enn andre fargar slik at den treffer gassmolekyl i atmosfæra som dermed vert deflekterte. Kvifor har eg ikkje fag der slike ting er relevante?»
«Nr. 12 på pløybarhetsskalaen bør promoterast til 6 no når eg innser at ho har mykje større bryst enn eg i utgangspunktet låg merke til.»
«Typeavleiing kan ikkje vere så vanskeleg. Eg kan jo dette. Eg er jo badass i dette. Eg kan avleie typar kjappare enn den mest refaktorerte av sml-kompilatorar.»
«Kva faen skal vi med typar eigentleg? Burde vi ikkje innføre litt toleranse i programmeringsverda? Kan ikkje all data ha ein type? Kva gjer ein integer betre enn ein character? Kvifor må vi skilje mellom strenger og tabellar? Må vi vere så snevre at vi dømmer funksjonar ut i frå kva type dei har? Kva blir det neste? At vi dømmer menneske ut frå hudfarge?»
«Kanskje humanistisk informatikk er meir i mi gate?»
«Nr. 6 blir demotert til 18 fordi brysta hennar var store grunna graviditet. Ho skal vere glad eg ikkje diskvalifiserte ho for juks.»
«To sider er ikkje så ille med tanke på at dette er ein tretimarseksamen og eg skal svare konkret heller enn bullshitianske utgreiningar.»
«Det må då vere litt rom for tolking om kor mange spørsmål ein bør svare på?»
«Kvifor valde eg å lese på dei vanskelege emna i staden for dei lette og relevante? Kvar i helvete er unifikasjon? Eg skulle unifikert kjappare enn den mest effektive implementasjonen av Martelli-Montanari unifikasjonsalgoritmen om dei berre hadde spurd om det.»
«Faen. Kaffien min er tom. Kva i helvete skal eg no gjere. Føkk klokka som berre har ein time att.»
«Lurar på viss eg svarar så solid på spørsmål A og D at eg revolusjonerer fagfeltet – vil dei då oversjå mine mindre gode og ikkje-eksisterande svar på B og C?»
«Faen ta dette. Eg skal lage mitt eige jævla fagfelt med mine eigne jævla paradigme. Så kan dei stå der med sine «funksjonelle» og «logiske» paradigme. Føkk dei. Føkk mor deira. Føkk alle som liknar mor deira. Føkk alle som er mødre. Føkk nummer 18 fordi ho skal bli mor. That's it. Ho er ute av lista.»
«Kanskje eg skal bli eksamensvakt i staden. Det ser ut som ein lett jobb. God arbeidstid, få arbeidsdagar og ingen tidlegare erfaring eller kvalifikasjon er naudsynt. Det trur eg er livet for meg.»
«Eigentleg vil det vere feil av meg å lukkast med denne eksamen. Kanskje eg vert overkvalifisert til draumejobben min? Eg vil jo ikkje det.»
«Og for den saks skuld? Er eg liksom betre enn desse folka? Det er eg jo ikkje. Eg er heilt forbanna normal. Ikkje alle kan ha eks-nummer-18 sine multitaskingsevner der ein kan skaffe seg avkom samstundes som ein går rundt og tar eine universitetsgrada etter den hi.»
«Kor søkjer ein eigentleg ein slik jobb?»
«Oi! Ser ut som nummer to vert nummer ein når eg ser kva for ræv det er på ho no når ho går fram og leverer.»
«Atle var det han to pultar framfor meg heitt. Faen at dette ikkje er ein eksamen i namn-kurset. Eg skulle ha acea den jævelen så lett.»
«Og kvar vart det av kaffien min. Sentralnervesystemet mitt er ikkje stimulert nok.»
«Føkk dette. Føkk alt. Eg leverer. Så kan eg spørje eksamensvaktene om kvar ein søkjer jobben deira i same slengen.»