Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

"Faen. Dassen er tett att. Veit du noko om det?"

"Eg? Nei. Eg har aldri brukt dassen eg."

"Aldri brukt dassen? Kvifor svettar du så mykje så? Prøver du å skjule noko?"

"Sveittar. Det er varmt. Årstida veit du."

"Det er februar."

"Ja, men på den sydlege halvkula er det midt på sommaren."

"Den halvkula vi ikkje befinner oss på?"

"Du veit korleis enkelte menneske kan sjå ting som foregår langt vekke?"

"Eg veit korleis enkelte påstår det, ja..."

"Vel. Eg kan føle temperaturar langt vekke. Og difor sveittar eg. Ikkje fordi eg har noko å skjule angåande dassen og at eit lik har tetta den til."

"Kva?"

"Kva?"

"At kva for noko har tetta den til?"

"At kva for noko har tetta kva til?"

"Eit lik? Sa du eit lik?"

"Kan eg aldri tenke meg."

"Eg trur du sa eit lik. Har du putta eit lik i dassen?"

"Kva? Er du galen. Korleis skal eg ha greidd å få partert eit lik i 58 ulike delar, mjukna det opp i eit lett syrebad i 24 timar for deretter å ha spyld ned kroppsdelane ein etter ein? Det er jo absurd... Kven er det du ringer til forresten?"

"Ingen."

"Kvifor talar du inn i telefonen og seier at dei må kome med ein gong og det er ei krise og du står med ein galen drapsmann som stiller mange dustete spørsmål viss du ikkje talar med nokon då?"

"Improvisasjonsteater?"

"Artig. Kan eg vere med. No improviserar eg at eg brukar denne saga til å dele deg i to, og deretter skal eg improvisere at eg spyler deg ned i dassen."

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet