Så eg står i kassa hjå min lokale matvarehandel. Framfor meg står ein mann som gjev uttrykk for å vere handikappa på båe fysisk og mentalt plan og skal ha eit utval av alle spel Norsk Tipping tilbyr, samt ei eining tobakk av eit eller anna slag. Han betalar sjølvsagt i småmynt, ettersom trygd i dette landet tydelegvis er utbetalt i einkroningar.
Dette har eg ingen problem med - det skjer alltid når eg handlar i møkkanabolaget eg bur i. Men samstundes som denne mannen vert betjent kjem det vraltande inn eit fossil av ei kvinne som antaglegvis er bestemora til Wenche Foss om ein skal døme etter alderen hennar. Ho kjem frå utsida og spaserer rett bort til kassa. Den same kassa som eg er nestemann i køen til og allereie har lagt opp mitt sortiment av ungkarsstereotypiske varer på rullebandet.
Her startar ho å forlange eine etter det andre av kassadama – og det før Norsk Tipping sin største bidragsytar har fått betalt ferdig. Fyrst vil ho ha tobakk, som ikkje er direkte urimeleg, om ein ser vekk i frå at det ikkje er hennar tur, og deretter to store Firkløver som kassadama må springe å hente for ho. Sist gong dette umennesket handla noko var openbart då kjøpmannen stod bak ein stor disk og tok i mot ordrar.
Då Firkløverane kjem, er det sjølvsagt Melkesjokolade ho eignetleg skal ha. Medan kassadama hentar desse, snur ho seg mot meg med det surskukkete gamlistrynet hennar – eitt som får Prinsesse Ragnhild til å sjå hoppande glad ut om ein samanliknar.
«BEKLAGER EG SÅG DEG IKKJE» seier ho med ei fingernegl-mot-tavle-stemme. «Det går bra,» svarar eg motvillig med ei normalt høg stemme. Ho held fram med å sjå på meg, og eg stirar vidare på ho medan eg tenkjer over om C-14 datering av ho ville vore poenglaust sidan radioaktiviteten i isotopen vil ha halvert seg for mange gonger til at det er målbart med dagens teknologi.
«SVAR DÅ!» seier ho til meg og avbryt planen min om å spørje korleis ho opplevde sine personlege møte brontosaurar. Eg innser at her gjeld det visstnok ikkje berre å svare med normalt menneskeleg lydvolum slik eg prøvde tidlegare. Ho krev at eg ropande skal anerkjenne at ho er eit forbanna rævhol på ein høfleg måte.
Så eg innser at eg må plukke ut øyretelefonen min frå høgre øyre og motvillig avbryte P2 si feiring av samisk merkedag. Etter det trekkjer eg luft inn i lungene for å sørgje for at eg med ein operasongar sitt muskelspel i mellomgolvet skal ha nok oksygen til å kome gjennom ei setning på eit lydnivå dette rotne gamle skrukket er i stand til å tyde:
«EG BEKLAGAR AT EG IKKJE VALIDERTE DITT DÅRLEGE FORSØK PÅ Å TVINGE GODVILJE UT AV DEN KALDE, MØRKE SKJELA MI SAMT LEGITIMERE DIN TOTALT MANGLANDE RESPEKT FOR ANDRE MENNESKE OG KØKULTUR.
EG GREIDDE IKKJE HØYRE DEG FYRSTE GONG FORDI EG HAR INNEBYGD FORSVAR MOT IDIOTI I ØYREGONGANE MINE.
EG PRØVDE Å LESE LEPPENE DINE I STADEN, MEN ALT DET SÅG UT SOM DU SA VAR DEN LYDEN TØRRE GAMLE SVISKER LAGAR NÅR DU STREKKJER DEI UT OG TRYKKJER DEI SAMAN ATT.»
Ho ser stygt på meg. Eg held fram.
«DU MÅ BERRE UNNSKYLDE MEG. MEN DET SAME FILTERET HAR FJERNA SENTERET MITT FOR SJØLVSENSUR, DI GAMLE SURE UBRUKELEGE KU.
SERIØST, DU ER SÅ GAMAL AT DU KAN PROVE EVOLUSJONSTEORIEN GJENNOM FYRSTEPERSONSANEKDOTER.
DU ER SÅ GAMAL AT DÅ JORDSKORPA VART SOLID, HADDE DU ALLEREIE FÅTT APPELSINHUD.
DU ER SÅ GAMAL AT DU HUGSAR DEN TIDA DEI KALLA DET FOR 'THE SMALL BANG'.»
Deretter setter eg i att øyretelefonen min. Faen, samiske nyheiter er keisame.