Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Tidleg i veka-meg: Det er digg å gå til sengs tidleg. Fordi då kan eg vere opplagt og yte best mogleg i min arbeidssituasjon samt ha overskot til å investere intellektuell kapasitet i mitt akademiske engasjement.

Midtvekesmeg: Er det ikkje helg snart?

Tidleg i veka-meg: Nei, ikkje no lenger. Det var berre førre år at timeplanen din var slik at vekene slutta onsdag.

Midtvekesmeg: Men nokre pils berre for å halde motet oppe kan vel ikkje skade?

Tidleg i veka-meg: Vel, eg vil jo sovne kjappare og dermed potensielt vere i stand til å stå opp tidligare dersom vi ser vekk i frå alle dei fysiologiske effektane ved alkohol. Og det trur eg vi kan gjere tross årevis med feltstudiar som tilseier nøyaktig det motsette.

Midtvekesmeg: Hæ? Eg høyrde ikkje etter då eg var oppteken med å styrte denne seksaren med fatøl.

Torsdagsmorgon-meg: Faen eg er dårleg. Ser ut som eg har nye data som underbygger feltrapporten min. Ein skulle tru at eg hadde lært årsak-konsekvens sambandet etter så mange år.

Logisk-bortforklaringsmeg: Med mindre ein har ei hypotese som føreseier videre konsekvensar av forhaldet «øl fører til å bli dårleg» vil det vere ei logisk feilslutning å hevde at å føle seg jævlig om torsdag er ein direkte konsekvens av å drikke på onsdag. Dersom ein berre har sett på to ulike forhald vil ein ikkje ha stort nok grunnlag til å kunne hevde at det eine er årsaken til det andre. Til dømes kan det vere ein ukjend faktor C som er skuld i båe delar eller to samanfallande fenomen som kvar er skuld i ein av forhalda. Det ville vore vitskapeleg uærleg å ikkje vurdere slike faktorar.

Torsdagmorgon-meg: Det hjelper ikkje så jævlig nett no.

Eg-vil-eigentleg-alltid-sove-uansett-meg: Veit du kva som faktisk hjelper?

Torsdagsmorgon-meg: Å sove?

Eg-vil-eigentleg-alltid-sove-uansett-meg: Korrekt. Drit i forelesningar. Det er berre ein uinteressant dust som står og ramsar opp materiale som står i boka. Å ignorere det seinere i dag er minst like effektrikt.

Torsdagsmorgon-meg: Du er inne på noko der.

Torsdagskveld-meg: Det er digg å sove... hey! Er det ikkje torsdag i dag? Det er jo helg!

Fredagsmeg: Ikkje korrekt. Det førekjem situasjonar som krev konsentrasjon om fredagar og.

Torsdagskveld-meg: Føkk dette. Eg har sove i heile dag – eg vil ikkje greie å sovne att i rimleg tid med mindre eg fyrer innpå nokre rolige.

Fredagsmeg: Det verkar jo fornuftig...

Tidleg i veka-meg: Ikkje høyr på han! Det er løgn!

Fredagsmeg: Kven faen er du då? Eg har aldri sett deg før. Eg stolar då ikkje på framande. Meg og Torsdagskveld-meg har eit forhald som strekkjer seg årevis tilbake.

Tidleg i veka-meg: Og har han ikkje alltid fucka deg opp?

Fredagsmeg: Anar ikkje. Er som regel for fyllesjuk til å hugse slikt.

Helgemeg: Woho! Endeleg helg. No skal eg vere oppe til fem om morgonen og sove til fem om kvelden og drite i at det kjem ei veke der eg må ha attende døgnrytme for å kunne fungere.

Tidleg i veka-meg: Faen. Kva feilar deg eigentleg?

Helgemeg: Kven sa det? Eg er fullstendig utan gangsyn så eg greier ikkje å sjå ting som er framfor meg.

Tidleg i veka-meg: Jaja. Eg får ta det att utover veka.

Midtvekesmeg: Ut over veka? Her luktar det pils.

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet