- Sak?
Ein sjef lurar ein muslim til å drikke alkohol og ete svin. Fyren blir lettere agitert, køyer heim i alkoholrus, får bot og mistar jobben.
- Ikkje verst.
Og deretter går folk ut og kallar det for rasisme, noko eg vil hevde er rasistisk i seg sjølv då det ikkje er gitt at muslimar har ulik hudfarge eller at folk frå midt-austen er muslimar. Om ein skal kalle det noko, må det vere religiøs intoleranse *.
- Det er alt du har å klage på? To ulike ord som burde vore byta?
Nei. Sjølv om ein kallar det religiøs intoleranse er det eit problem. Religiøs intoleranse er noko eg oppfordrar til. Religion er oksemøk og folk som tilhøyrer det fortener å få beskjed om dette av og til. Eller heile tida.
- Så du er einig med sjefen sin artige sans for humor?
Ikkje i det heile. Mannen, i dette tilfellet på grunn av irrasjonalitet utan at det er viktig, hadde tatt ei personleg avgjerde om å ikkje drikke alkohol eller ete svin. Menneske med ei fortid som alkoholikarar eller med leversjukdommar tek ofte same typar avgjerder. Dette handlar om individuell fridom til å ha prinsipp.
- Anar eg eit nytt utbrot om individuell fridom?
Ja. Slike personlege syn, uansett om dei har medisinske, religiøse eller ingen særskilde grunnar skal respekterast. Hadde til dømes ein butikk selt varer utan å opplyse om innhaldet på same måte ville det ikkje ein gong vore spørsmål om at dei hadde gjort noko kriminelt. Dei ville blitt saksøkt herifrå til Afrika av både nøttealergikarar, laktoseintolerante og vegetarianarar for å nemne nokon ikkje-rasesensetive menneskegrupper.
- Så dette er ikkje rasisme.
Ikkje i mi meining – men så går eg inn på ein VG-sak med overskrifta TV-kjendiser raser etter at sjef lurte muslimsk ansatt og får sjå to menneske eg aldri har høyrd om kalle det for rasisme. TV-kjendis? Du kallar ikkje ein «Frøken Norge»-vinnar og ein MTV-programleiar for TV-kjendisar. I så fall så bør eg frå no av bli omtalt som Internett-kjendis.
- Jaja, hald deg til saka.
Det eg vil fram til er uansett eit større poeng. Dette handlar ikkje om rasisme eller religiøs intoleranse. Å redusere eit overgrep mot ein person sine verdiar til noko så dustete som rasisme eller religion er feil veg å gå. Uansett kva religion eller hudfarge denne mannen hadde (eller om det var ei kvinne for den saks skuld) bør heller det personlege prinsippet hans vere det som tel. Om ein milliard andre menneske har same prinsippet er irrelevant. Dette var eit overgrep mot han personleg, ikkje mot TV-kjendisar eller trussamfunn.
- Men hadde han ikkje vore muslim så ville det aldri skjedd!
Kven veit? Hadde han vore ein etnisk norsk vegetarianar så er det ikkje utenkeleg at det same ville skjedd. Det ville vore eit like uakseptabelt overgrep, men eg er villig til å vedde underbuksa mi på at ikkje ein kjeft ville brydd seg.
- Ingen vil ha underbuksa di. Dessutan, kva med straffa han fekk i tillegg? Det ville ikkje skjedd ein vegetarianar.
Nei, men det ville skjedd ein tørrlagt alkoholikar. Men det er eigentleg ikkje temaet eg diskuterer. Mannen burde ha anledning til å anmelde arbeidsgivar for episoda uavhengig om han var muslim, avhaldsmann eller berre hadde ein personleg agenda mot gris. Eg er usikker på om det eksisterer lovar som kan brukast i dette tilfellet, men når det er ulovleg for ein matbutikk å lyge om innhaldet i mat, så burde det vere ulovleg for sjefar med dårleg humor òg.
- Konklusjon?
Religion og rase er irrelevant – dette handlar om den personlege fridomen til å la ver å ete deilig bacon og nyte årgangscognac. Og kva grunnen til slike standpunkt er har ingenting å seie. Dei er legitime uavhengig av religion og anna idioti.
Kjelder og inspirasjon:
* Bloggaren Konrad i sin antirasisme-blogg gjorde for øvrig dette korrekt og kalla det for religiøs intoleranse heller enn rasisme.
- TV-kjendiser raser etter at sjef lurte muslimsk ansatt (VG-Nett)
-
Oppdatert 25.01.2008: FreeTex sin eigen kommentar til saka som avkreftar mykje av dei fakta eg baserar meg på, utan at det forandrar argumentasjonen min.
24.01.2008 20:35:08
Om ein kallar dette rasisme eller religiøs intoleranse er eigentleg irrelevant. Trakassering er trakassering uansett om det skjer på grunnlag av religion, hudfarge eller språk, eg nyttar difor fellesnemninga \"rasisme\" vel vitande om at dette språkleg ikkje er heilt presist. Hovedpoenget er at denne Fretex-sjefen er ein idiot, at denne idioten synes det er greit å gjere ap med andres skikkar og religion.
24.01.2008 20:38:20
Ja, det stemmer. Viss du likestiller rasisme og trakassering på den måten er eg fullstendig einig - men som du seier vert det språkleg upresist og eg likar ikkje å automatisk kalle ting rasisme når det langt oftare dreier seg om rein idioti (sjølv om eg innser at det ofte er ein samanheng mellom dei to).
Hovudargumentet mitt blir uansett at grunnen til mannen sine haldningar er ikkje viktige - det som er viktig er at han har desse haldningane og at dei skal respekterast.
25.01.2008 14:25:59
Rasisme er også idioti.
Dessuten: Trakassering basert på personens religion er ikkje noko betre enn trakassering basert på hudfarge.
Enkelte idioter prøver å reinvaske sin religionsbaserte trakassering ved å seie omtrent "nei det er ikkje rasisme, derfor er det OK".
25.01.2008 15:16:36
Iversen - Det skal du ikkje sjå bort i frå.
Konrad - Trakassering er uakseptabelt uansett kva grunn utøveren har. Det som ofte (ikkje i denne saka må eg få understreke) blir problematisk er at relgiøse kan definere trakassering ut frå andre reglar enn ikkje-religiøse. Difor syns eg det er betre å bruke individuell fridom som målestokk for trakassering heller enn religion, fordi ein då har ein universelt utgangspunkt. Alle er individ som bør respekterast, men ikkje alle er religiøse og religion bør ikkje nødvendigvis i seg sjølv respekterast dersom den går utover andre sin individuelle fridom.
Dermed syns eg å fokusere på relgion ikkje alltid er produktivt når eit menneske blir trakassert.