Dei tek meg med opp ei mørk trapp. Den er av laga av tre. Typisk for gamle hus der ingen har tatt seg bryet med vedlikehald. Trappa er smal og den knirkar for kvart skritt. Eg når enden framfor ei smal dør. Pressar meg inn etter de andre. Det er tydeleg at døra ikkje er meint for folk av min storleik.
Då eg kjem inn sit Horst Tappert ikledd helsetrøye i ein gammal lenestol. «Eg må få orsake at døra er smal,» seier han på Derrick-tysk. «Og eg må få orsake at eg ikkje er smal,» svarar eg på skuletysk. Horst byrjar å le kraftig med den gamle, sprukne stemma si. Eg forstår ikkje kvifor han syns svaret mitt er så morosamt sidan ingen andre ler. Eg prøvar å smile og humre samen med han. All kritikk er jo god kritikk. Etter ei stund går latteren over til kols-hosting.»
Og så vaknar eg brått frå draumen. Horst Tappert? Det må feile meg noko. Noko alvorleg.
Fyrst publisert (på bokmål av identitetsikringsgrunnar) i bloggidol-konkurransen der det kolliderte på ein delt femteplass. Antaglegvis fordi å vinne kategorien "dagbok/personleg" er forbehaldt folk som har kjensler og som opplever ting. Til helvete med slike folk. Opplevingar er for pyser og kjensler er for kvinner og homofile. Menn slåst i staden. Eller skriv om det å slåss. Eller slåst om å slåss - såkalla metaslåssing.