NRK i form av lisenskvinna, var på døra mi i går og skulle ha meg til å innrømme at eg hadde TV.
"TV, eg?" lo eg rått med ein overlegen tone. "Eg treng ikkje noko TV. Viss eg kjedar meg går eg tur i fjellet eller slåst med ein bjørn," sa eg nonchalant medan eg betrakta dei velstelte neglane mine for å forsikre ho om at slike situasjonar var daglegdagse for meg å fnyse om.
"Hei, Enrique!" ropte eg og vinka min romkamerat bort til oss. "Dette kvinnemennesket vil sjå... hehe... TV-apparatet vårt." Enrique kom gåande lattermild i den kvite morgonkåpa hans som stod i kontrast til den solbrune huda. Han smilte akkurat så breitt at ein kunne sjå gulltanna hans.
"TV?" hoverte han "Du meiner, idiotboksen? Nei, vi er nok ikkje nokre enkle blåkraga mediumbrukarar - viss vi mot formodning skulle sett eit TV-program ville det vore via ein iPod eller noko anna Steve Jobs står bak," forklarte Enrique medan eg starta å smøre han inn med ekstra virgin olivenolje.
Lisensdama tok hintet. Ho himla lett med auga, slik den retarderte kulturutsvolta hop gjerne gjer når dei ikkje skjønar kva intelligente og kultiverte menneske talar om. Vi var vant til at den typen menneske ikkje kunne forstå vår høgare form for kommunikasjon.
Då ho gjekk vart vi ståande og gjenta ordet "TV" medan vi snøfta overlegent. Deretter lukka vi utgangsdøra og hadde homofil sex.
--
Frå lisensdama sin synsvinkel kan det ha vore ei anna oppfatning, rett nok. Kanskje ein nervøs bortforklarande mann i staten av tjueåra som gjorde sitt beste for å ikkje la den 42'' widescreen i stova kome opp under samtala. Resultatet er det same. Det vart ingen lisensbetalar av meg. Heller ikkje Enrique, for den saks skuld.