Sett at det var ein skapande gud. Kan han då svare meg på ein forbanna ting?
Kva i helvete er det med ræva mi? Ein ting er sikkert: Intelligent design er det siste eg vil kalle det.
Det finst ikkje eit fnugg av intelligens bak utviklinga av eit verktøy som vert så forbanna tilgrisa ved heilt normal bruk. Ein må jo bruke si eiga vekt i dasspapir berre for å unngå at ein skal gå rundt med ei tarmlengde drit mellom skinkene resten av dagen.
Og ein anna ting. Kvifor skal det klø så jævlig viss eg sveittar litt? Og hår? Du puttar ikkje hår ein slik stad. Det er heilt jævla mongo. Av alle stader på kroppen ein vel å ha hår, må den kvalifisere som den verste. Til og med ørehår er ei betre avgjerde enn rævskjegg.
Eg skulle ikkje ha klaga viss ræva hadde ein viss estetisk verdi for å gjere opp for det. Men den ser jo ut som eit helvete – og det er på ein god dag. Det finst folkemord vakrare enn dette.
Ikkje for det. Kvinner er av ein eller anna grunn kome betre ut av det med mindre hår og i enkelte tilfelle ein estetisk kvalitet rivalisert av få andre kroppsdelar. Men det har ikkje noko med saka å gjere. Det, og så er det ei kjend sak at jenter aldri drit. Einaste grunnen til at dei har det holet er for å tilfredsstille ein og anna nyfiken gut sitt behov for å bryte gamle rutinar og få dei forvirrande tankane om bestekompisen ut av hovudet.
Alt i alt er ræva den verst designa gjenstanden nokon sinne. Så ikkje kom her med intelligent design. Ikkje snakk om design ein gong. Den teorien, i lag med Gud og andre absurde konsept er ut døra med ein gong.
Og evolusjon? Du står der og flirer? Som om ditt alternativ er så forbanna mykje betre?
Du snakkar om overleving av dei best tilpassa? Korleis er det bra tilpassning å måtte sitje i ro i halvtimevis medan ein skubbar ein maltraktert skog opp mellom skinkene til det byrjar å blø for å vere sikker på at ein fekk med seg alt?
Seri-jævla-øst. Kvar var alle rovdyra opp gjennom historia? Den lettaste lunsjen i verda må jo vere ein fyr som sitter med nevane full av mose og konsentrerer hjernecellene sine i hel på å tørke seg. Eg skal fortelje deg ein ting, herr Ulv, å jage ein fyr med buksa på knea er ikkje akkurat ei farstprøve. Meir ein lun spasertur.
Det er ikkje noko unnskyldning for dette. Evolusjonen skulle ha tatt knekken på heile den mennesklege rasen og deira absurd ineffektive rævhol for hundretusenvis av år sidan. Ein kan vere så intelligent ein vil, men sjølv Stephen Hawking må ha hjelp til å tørke seg i ræva. Meir enn dei fleste andre til og med.
Her har du fucka det til, evolusjon. Og som vanleg er det vi sjølv som må ta opp dritarbeidet etter naturen og gjere det slik det burde vore i utgangspunktet.
Så kven i helvete er vi til å leike gud, spør du? Det skal eg seie deg. Den dagen dei tuklar gena såpass til at ein får eit sjølvreinsande og vakkert rævhol så kan alle de nei-seierar sitje der og tørke dykk til blods åleine medan min nytransplanterte hjerne opplever ein kropp som er slik den alltid burde ha vore med høgtrykkspylande ventilar og jordbærluktdispenser.