Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Korleis er det at ein nettstad med eit så avgrensa lesartal greier å halde fram år etter år med dei same vitsane om barnerov og Hitler?

Har forfattarane ein skjult agenda? Ligg det noko djupare under?

Og korleis har det seg at i perioda 2006 betalte redaktøren ikkje noko skatt, og framleis hadde råd til å kjøpe luksussigarar og utepils?

Kva nøyaktig er Krematoriet sine band til det norske forsvaret?

Kva er motiva til det multinasjonale monopolistiske søkemotorfirmaet som har eit openbart ufruktbart økonomisk forhald til Krematoriet? Er det ikkje påfallande at det ligg noko meir bak sidan Krematoriet umogleg kan skaffe særskilde økonomiske middel på denne måten?

Kvifor har annonsar for umennesket Anne B. Ragde dukka opp med jamne mellomrom til tross for redaktørens sterke hat mot denne forfattaren?

Kva nøyaktig er kvalrosstuing? Og kva har det i såfall med geit å gjere?

Få spekulative svar på konspiratoriske påstandar i haustens viktigaste bok, Krematoriet-koden.

Finn ut korleis ei rekkje forfattarar suksessrikt greier å imitere igler medan dei rir på kjende bestselgarar sine titlar for å framje sin politiske agenda og sin hobbybetreviterisme i det dei ord for ord dekodar ein ravande tulling sitt keisemdsinspirerte manifest.


Kjelder og inspirasjon:
Commie-koden (vampus)


Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet