Ikkje for å vere frekk, men du er så forbanna stygg at eg vil ete trynet ditt med kniv og gaffel. Gjerne etter at eg har steikt det ei stund, sidan rått kjøtt ikkje er særskild heldig. Og absolutt med nokon som deg. Ein veit jo aldri kvar du har vore.
Forresten. Kor lenge må du koke for å fjerne kuru? Eg gidd ikkje å ete trynet ditt viss eg skal måtte ende opp med ein sjukdom etterpå. Så mykje mislikar eg deg ikkje.
Eller eigentleg. Men eg veit ikkje om eg likar å ete trynet ditt nok til at det er verd å få kuru av. Kanskje viss eg kokar deg lenge nok kan eg unngå det. Det må då vere slik. Bakteriar og slikt skal ikkje overleve den behandlinga.
Men er kokt tryne noko godt? Veit du det? Kan du svare meg på det, eigentleg? Og ikkje berre om kokt tryne generelt er godt. Er ditt kokte tryne godt?
For det må jo vere variasjonar mellom individ. Nett slik alle svin ikkje er like gode å meske seg med – enkelte feite – nokre seige – andre igjen perfekte. Slik må det då vere med oss òg. At enkelte sine tryne ikkje er gode, meiner eg, medan andre sine er delikatessar å rekne.
Du er jo ganske feit i fjeset. Kanskje for feit. Eg likar ikkje feitt på kjøtet mitt noko særskild. Hadde du berre vore eit fjørkre kunne eg ha tatt til takke med at huda di i alle høve kom til å bli god og knasen ved steiking.
Men no? No må eg nytte alle mine kokkekunnskapar for å lage svor på trynet ditt. Og kan verkeleg triksa til den rutete kokeboka åt Espelid hjelpe meg med dette? Det må då vere ulikt å få svor på trynet ditt enn på ei svinesteik.
Og ikkje for det. Kan ein i det heile rekne med svor i trynet? Same kor feit du måtte vere og kor mykje bollekinn du kan skryte på deg? Eg lurar verkeleg.
Kanskje eg skal berre gje opp dette. Er det verd det i det heile? Tryne er vel ikkje så godt? Å ete eit fjes. Rett nok. Berre for å ha gjort det. Men er det verkeleg bra nok?
Fuck it! Fuck kuru! Eg driter i det! Eg stikker gaflen i trynet ditt. Eg eter deg rå. Eg er bad-ass. Eg er Samuel L. Motherfucking Jackson.
Hald kjeft. Berre fordi eg starta med auget ditt så bør du ikkje skrike så jævleg. Her ta eitt du og. Smakar godt, gjer det ikkje?
Tenkte meg det.