Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Sak?

Høgsterett var ikkje einig med frifinninga av Tore Tvedt for hans uttaler. Den som eg var fullstendig einig med i mai ein gong.

Tore tvedt no att? På tide å kome ut av skapet? Det nynazistiske hatskapet, that is.

Ja, men ytringsfridomsskapet og det der.

Ah. Du er oppe og rir den gamle ytringsfridomshesten inn i rein idioti?

Jepp. Hovudproblemet mitt er at dersom VG ikkje hadde oppsøkt mannen og spurd han direkte om desse tinga, ville korkje rettsvesnet, jødar eller eg høyrd uttalene hans. I dette tilfellet er det VG som har ytra Tore Tvedt sine meiningar. Hadde han ikkje hatt pressen sin udødlige interesse ville ingen ha høyrd etter.

Sjølvsagt, han ville framleis ha sagt vrøvlet sitt, men ikkje til nokon som bryr seg. Og viss han personleg hadde oppsøkt ein jøde og drite ut møkkameiningane sine frå kjeften, så skal ikkje ein gong eg argumentere for at det fell inn under ytringsfridommen. Då er det eit trugsmål og slike er forbodne. Men denne gongen var det VG som gjorde all oppsøkinga for han. Ikkje ulikt korleis danske imamar videreformidla visse karikaturar for ei tid sidan, og ingen argumenterar med at det var fred og god dialog dei prøvde å skape.

Så kva vil du fram til?

Viss du skal døme nokon for å ha sagt noko - sjå til helvete å døm VG. Dei kjem unna med for mykje vrøvl frå før av uansett. Og når dei aktivt oppsøkjer ein mann som Tvedt så er det berre for å provosere. Det er ikkje noko dei gjer fordi Tore Tvedt har eit synspunkt som er viktig å vise for å sikre ein god rettstat.

Videreformidlar dei ikkje berre dette bodskapet? Dei lagar det jo ikkje.

Vel. No er ikkje VG ein jævla rikstelefon. Dei vel sjølv kva dei skriver og ikkje. Viss dei vil spreie ein ravande tulling sine sinnssvake tankar, så bør dei til helvete sjå å ta ansvar for det. Viss eg hadde drive nettstaden til Tore Tvedt der han formidlar munndiaréen sin, ville eg mest sannsynleg vore ansvarleg for kva som stod der. Det er skilnad på journalistikk og å oppsøke marginale galningar berre for å skape overskriftar.

Og kvifor ikkje dra den heilt ut? Kvifor ikkje berre starte å intervjue kjende mentalpasientar og deretter døme dei for uttalene sine slik at ein kan setje dei i fengsel i staden. Ei enkel lausing på eit stort problem innan psykiatrien. Alle vinn.

No drar du retorikken litt langt.

Det gjer eg alltid. Men eg har i utgangspunktet to problem med heile denne saka. For det fyrste: Det er ikkje kva Tvedt meiner eller seier som er problemet. Det er kva han gjer. Dersom Tvedt driver ein paramilitær organisasjon som indoktrinerar ungdom til å bedrive valdshadlingar mot menneske, så døm han for dette. Det er ein dom som eg ikkje vil ha problem med.

Det andre då?

Det handlar om kva lovar som finst og ikkje. Dersom vi skal gå rundt og ha ei så dustete lov som straffelova sin §135a, så bør dei som faktisk formidlar ulovlege ytringar og skapar problem av dei stillast til rette - i dette tilfellet VG.

I utgangspunktet meiner eg derimot at lova ikkje burde eksistere. Høgsterett har forsåvidt ikkje gjort noko anna enn jobben sin, sidan vi no har ei lov som avgrensar kva meiningar ein har lov til å ytre. Så vidt eg veit er det framleis fullstendig lovleg å meine at jødar er avskum, så lenge ein ikkje seier det til nokon.

Konklusjon?

Eigentleg er det gjengen som diktar opp desse lovene som burde skjerpe seg.


Kjelder og inspirasjon:
Straffelova §135a - Lovdata
Her blir Kjersti (19) Nynazist - VGNett (2003)


Arkiv - Nyheitsspalta Skjerp deg!

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet