Nytt år og nye moglegheitar. Fordi alle andre seier at dei skal prøve å gjere det, så er det vel på tide eg diktar opp måtar eg hevdar eg skal forbetre meg på. Så kan eg i det minste ha godt samvit fyrste januar medan eg står bøyd over dassen for å spy opp siste rest av fjoråret sine minner og jägermeister. Og deretter grine meg sjølv i søvn andre januar når eg har brote alle saman. Det vert ei emosjonell berg-og-dal-bane utan keisame restriksjonar slik som metaforiske sikkerheitsbelter.
Uansett. Her er mine nyttårsforsett:
Eg brukar mykje tid på å unngå å stå i kø. Om det er kø på ein utestad, går eg som regel ut i gatene for å utnytte kvinner med låg sjølvtillitt og lågare utringningar. Om det er kø på ein dass, pissar eg som regel på golvet i nærleiken, eller på personar eg mislikar - eller likar, alt etter som. Eg bør i staden, og på gjentatte oppfordring frå offentlege tenestemenn, bli betre til å snike i kø for å unngå framtidige situasjonar der folk vert påtvinga mine manglande intimgrenser.
Sjølv om ein ofte høyrer kor oppbyggande og sunt sport skal vere, så er visstnok ikkje leirdueskyting med ekte duer noko bymyndigheitene set pris på. Eg skjønar ikkje kvifor, då få har gode ord å seie om desse fuglane. Kanskje det var mest grunna skotskaden til gamle Johan som sat midt inni ei klynge av fugl med ein pose brødsmular.
Forsvaret mitt "Kva faen forventar ein då? Ingen hadde klandra meg om duene hadde vore ungar og brødsmulane hadde vore godteri og parken hadde vore ein barnehage," var heller ikkje eit godt forsøk på å ta ansvar for mine handlingar. "Eg utøvde aktiv dødshjelp - han berre visste ikkje at han trengte det," var òg eit argument som ikkje fall i god jord.
Noko som bringer meg til neste forsett:
Dette tok ei stund, men eg byrjar å innsjå at å påpeike folk eg møter sine fysiske defektar ikkje er den typen 'ærleg' som religiøse og lovgjevande autoritetar masar om heile tida. Frå no av skal eg lyge feite folk opp i fjestet og komplimentere dei om kor tynn dei er vorten sidan sist. Videre må eg hugse at "seriøst, du var mykje feitare før" ikkje nødvendigvis er eit slikt kompliment.
Dette fordi heroin ikkje er like akspetert i sosiale sambandar eller i pausar på jobb. Ikkje at det er min feil, men eg får heller tilpasse meg samfunnet for å halde fred med mine medmenneske og tilsynsoffiserar. Og er det ikkje det heile nyttårsgleda handlar om? Det, og å drikke til ein ikkje hugsar kor jævlig førre år var og kor ille neste vil bli medan ein tafsar på vertskapet sine lillesøstre.
Eg skal vere den fyrste til å innrømme at å kjøpe presangar ikkje er det største talentet mitt. Den andre til å innrømme det var ungen som ikkje såg til å forstå kvifor spesifikasjonen "den må vere i live" var viktig dersom ein ønska seg ein hund. Eller "den må ikkje vere flat" og "eigaren bør ikkje vere most inn i grillen på bilen din".
Den tredje til å innrømme mitt manglande presangtalent er nok vitnet som ikkje tok seg tid til å lese kortet der det stod "hald godt kjeft" når han mottok ein boks full av pengar. Den fjerde vert dommaren han fortalde det til, men sistnemnde får plusspoeng for å ta i mot ein tilsvarande boks og faktisk gjere som kortet sa.