Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Når ein skal diskutere er det ikkje berre eit spørsmål om kva tema ein skal ta opp eller kva type argumentasjon ein skal nytte. Det er òg viktig å ta omsyn til kva medium diskusjonen skal føregå i. Om den er personleg, over telefon, på TV eller på verdsveven. Det er sistnemnde vi ynskjer å ta opp i denne teksten.

Å diskutere på Internett kan gjerast hovudsakeleg på to måtar. Anten kan ein opprette ein blogg der ein kringkastar meiningane sine i alle tenkelege retningar medan ein sit og konstantoppdaterar i håp om at nokon har vore dustete nok til å kommentere. Når og viss det skjer, byrjar ein å samanlikne diskusjonspartnaren med Hitler.

Eventuelt kan ein nytte eit diskusjonsforum der det leggast opp til korte og konsise opningsinnlegg med dei viktigaste argumenta. Etter at ein har fått det saklege ut or vegen kan ein ta til med å fortelje på kva måte meiningsmotstandarden si mor liknar på ulike artar frå lokal og eksotisk fauna.

I båe tilfelle vil diskusjonen degenerere til personsjikane over kort tid. Kor lita denne tida er kan vi sei noko om ved hjelp av presis og ufeilbarleg matematikk.

Mengda menneske som deltek på forumet eller som er faste kommentatorar på ein blogg er den avgjerande faktoren for kor kort tid det tek før Godwin's lov trer i kraft. Meir generelt definerar vi tida det tek før ein når fyrste personsjikane slik:

Ved kommunikasjon mellom to (2) eller fleire individ vil tal på innlegg det tek før Godwin’s Law eller personsjikane trer i kraft vere mindre enn 25 / N der N er tal på aktive individ i diskusjonsforumet.

Ved berre ein deltakar vil personsjikane aldri inntreffe då folk som regel diggar seg sjølv. Det er difor rimeleg å anta at personsjikane berre vil oppstå ved høgare tal på debattantar.

Ved 2 personar antar vi at det vil ta ikkje meir enn 12 innlegg i gitt diskusjon før ein av dei kallar den andre for noko negativt. Dette fordi diskusjonar av denne lengda på Internett vil føre til at ein eller båe partar mistolkar den andre si meining. Sjølv dersom ein nyttar smilefjes slik som ;) for å ufarleggjere utsegn.

Døme:

A: Eg er einig med deg på alle felt uansett ;)

B: Kva faen skal det fjeset der tyde? Du og den jævla ironien din. Kukfittekøddrævhol!

Dette bringer oss inn på eit viktig tema i Internettkommunikasjon. Ironi, sarkasme og satire er tre kommunikasjonsformar som er umogleg å nytte på verdsveven. Grunnen til dette er enkel:

Dersom du tenkjer deg ein ikkje-digital situasjon der du nyttar eit av desse verkemidla, så vil der alltid vere til stades minst ein person som misforstår og tek seg nær av dine uttaler - sjølv om dei berre var ein artig spøk mellom kompisar og medklanmedlem. På Internett er hovudpopulasjonen denne typen menneske.

Av ein eller anna grunn - framleis ukjend for vitskapen - trekkjer verdsveven i stor grad til seg folk utan ironisk sans i større kvanta enn andre medium. Kanskje fordi menneske som er trena i god kommunikasjon ikkje føler dei trenger å maskere seg bak kallenamn som alluderar til den fiktive storleiken på penisen deira for å drive interaksjon med medmenneske, men dette vert berre presis og velgrunna spekulasjon frå vår side.

I alle høve vil konsekvensen av dette vere tre ting:

A) I all kommunikasjon på verdsveven vil eit eller fleire menneske totalt misforstå ironiske, satiriske og sarkastiske innlegg og tolke dei ordrett same kor openbar eventuell ironi må vere.

B) I all kommunikasjon på verdsveven vil eit eller fleire menneske totalt misforstå innlegg som ikkje er ironiske, satiriske og sarkastiske og oppfatte dei som om dei skulle vore det.

C) Ironi nytta på verdsveven vil som oftast, om oppfatta som ironi hjå mottakar, bli tolka nøyaktig motsett utan rom for nyanse.

Punkt A og B er sjølvforklarande. Ironi vert tolka bokstaveleg, og nøkterne argument vert tolka ironiske, alt etter kva som ikkje er korrekt. Punkt C handlar om tilfelle der mottakar forstår at utsegn er ironi, men vel ein alt for rigid negasjon av utsegna.

Døme på situasjon C:

A: Ja, for Bush er verdas mest intelligente person.

B: Så du seier at Bush er verdas minst intelligente person? Fy faen så unyansert og dust du er! Du og den jævla ironien din. Kukfittekøddrævhol!

For å oppsummere. Internettbasert diskusjon vil alltid føre til krangling. Krangling vil som regel vere på grunn av misforstått eller feiltolka ironi. Løysinga på båe problem er å la ver å nytte Internett til diskusjon, og i staden nytte det til sine opphavlege føremål: Pornografi, bilete kattar som ser ut som Hitler og Badgerbadgerbadger.


Inspirasjon og kjelder: Goodwin's Law (wikipedia)


Arkiv - Korleis diskutere

Arkiv - Guide til verda

Kommenter

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet

Kommentarar:

13.12.2007 18:20:26

Haakon

Ville bare påpeke at det er mye gøyt i "Logical Phallacies" og i å anklage motstanderen i å benytte dem.

Grunnen til at jeg bruker engelsk er at det engelske "phallacies" er ganska likt fallos. Det og det norske ordet som ble brukt i Ex.Philboken min tok omtrent tre sider å skrive ned.

Åja, og et preventivt kukfitterævhølgeiteknull til en evt. idiot.

15.12.2007 16:27:38

koew

Jeg har kjørt på hardt med kommunikasjonsteknikk (les: totalt uenig og sta) på min egen blog, noe som har ført til uventet oppmerksomhet når man diskuterer mord av babysel. Check it out (klikk på nicket)!

15.12.2007 21:38:43

Sjukheit

Koew: Artig. Du veit alltid at du har med ein god og reflektert debattant når dei brukar caps lock for å understreke kor gode meiningar dei har - slik som denne sabrina.

Lurar på om eg skal lansere eit eige tastatur for internett-debatt som er låst i caps lock modus, og ikkje har . eller ,. Det, og så berre z ikkje s. Trur det hadde slått an.

Haakon: Logical fallacies (logiske feilslutningar er den beste oversettelsen eg kjem på, men ser wikipedia opererar med "tankefeil") er absolutt noko eg kjem til å gå meir innpå i framtidige tekstar i serien min om diskusjon.

Legg til nytt innlegg





Krematoriet støttar at alle kan få lov til å seie kva dei vil, uansett kor idiotisk og feil det måtte vere. Men til tross for dette, ser vi helst at denne sida vert nytta til saklege kommentarar som angår overståande artikkel. For intetsigande svada, eller kva som helst anna, besøk den generelle kommentarsida. Innlegg som ikkje er saklege vil verte flytta dit.

BB-kodar du kan bruke i innlegget: [b]...[/b] [i]...[/i] [sitat]...[/sitat]