Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Det var ei stund sidan han hadde vore her no. Mannen i den kvite frakken som hadde dømd meg til isolasjon på denne gudsforlatne staden. Eg kunne eigentleg ikkje klandre han.

"Dei seier du har hatt ein slik draum att," sa psykiateren i det han tok av seg dei firkanta brillene. Han klaup seg lett i naseryggen med peikefinger og tommel medan han lukka auga. Eg skal ikkje seie han verka brydd. Det ville vere ei alt for aktiv kjensle å tilegne han. "Om... veps att, var det?"

"Eigentleg ikkje. Eg skulle slakte ein gris," byrja eg. Psykiateren reagerte. "Ein gris? Du har då ikkje budd på noko gard nokon gong i livet ditt?" Han hadde rett i det. Eller, eg hadde i mi barnetid gjeta smalen i ny og ne, men aldri gris. Eg hadde ein kompis som hadde gris ei tid, men dei hadde eg berre sett ein gong. Neppe noko viktig for draumen min, uansett.

"Grisen var for feit og måtte slaktast - det var visstnok eit problem med grisar i den verda eg drøymde meg. At dei ikkje måtte bli for feite, og viss dei vart, så måtte dei slaktast. Eg trur ikkje ein gong det var for mat. Dei måtte berre slaktast fordi dei var for feite til å nyttast til noko.” Han rista på hovudet, sette på seg brillene att, noterte eit par ord i notatboka før han bedde meg halde fram.

"Eg løfta opp grisen. Den var tung, men ikkje så tung som ein skulle tru ein overvektig gris var. Eigentleg var grisen meir av den typen ein finner i Donald Duck-teikneseriar og liknande. Den vitna mest av alt om kor lite eg eigentleg veit om gris. For bortsett frå smaken, anar eg lite om gris, og svin generelt for den del. Meg og ein kompis hadde rett nok vorten jaga av villsvin ein gong, men det var neppe det same som gris."

"Nok grisepreik," sa mannen i kvit frakk utan å lee så mykje som ei mine. Eg var usikker på om det var tørr humor eller berre eit prov på psykiaterens fullstendige mangel på interesse.

"Uansett. I det eg bar grisen mot slaktehuset, som praktisk nok låg i nærleiken, kom det ein veps. Den flaug inn mot øyret mitt. Prøvde å bore seg inn i øyregangen. Eg byrja å springe, framleis berande denne grisen, men såg ikkje ut til å greie å kvitte meg med vepsen si interesse. Eg kunne ikkje fekte med armane då dei var festa godt rundt ein gris, og dermed ufrie. Same kor mykje eg sprang. Same kva eg gjorde. Vepsen følgde etter meg og prøvde å krype inn i øyret mitt. Den var nær ved fleire gonger, og eg kunne ikkje gjere noko, og eg starta å få panikk... og så vakna eg."

Doktoren reiste seg kjapt. "Eg har høyrd nok," sa han kaldt og storma ut. Etter han forlét cella mi og dei slo av lyset for å roe meg ned høyrde eg hans mumling med oversjukepleiaren.

"Det vert berre verre. Vi må nok halde han her i nokre månadar til. Kanskje år. Om vi er heldige."

Arkiv - Freud

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet