Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Det er natt til fredag. Eller. Meir fredags morgon. Ein einsam mann med tørkerull i neven gjer eit Google-søk som mange har gjort før han. "Erotisk novelle" tastar han einhanda inn i søkjemotoren medan han tek tak med hi handa.

Han ser over resultata. "Faen," tenkjer han for seg sjølv. Ingenting han ikkje har vore innom før. Alt er gammalt og alle vil ha pengane hans heller enn å gje han litteratur.

Sjølvsagt, han kunne ha sett på film eller bilete, men av ein eller anna grunn var ikkje det like appellerande. Kanskje det var fordi han hadde ein livleg fantasi. Eller at han ville oppleve alt saman inni hovudet - framprovosere ei kjensle. For fyrste gong på lang tid.

Helst var det nok det at skriven erotikk verka meir stoverein og mindre grotesk enn reinspikka pornografi. Han var ikkje ein fjorten år gammal gut som oppdaga nye ting. Han var ein tenkjande mann som ville oppleve det heile på eit intellektuelt nivå. Ja, slik måtte det vere. Viss han hadde tatt seg tid til å filosofere over det heile.

Ni sider måtte han bla seg gjennom før eit resultat stod ut. "Spenninga mellom dei var magisk. Sjølv om dei aldri hadde sagt eit ord til kvarandre visste dei båe at det kom til å storme omkring dei i kveld."

Søkeresultat frå google

Føkk it. Han kunne like godt ta denne. Sjansen var at side ti eller elleve neppe kom til å ha betre alternativ. Dessutan var den på nynorsk. Det kunne jo verte artig. Han trykka seg inn på lenkja. Svart bakgrunn. Grå tekst. Ikkje uvanleg i sjangeren, rett nok.

Erfaren som han var med erotika, gav ikkje teksten dei største av forhåpningar. Novella, om ein kunne kalle det så, var skrive i tredjeperson. Dei var ikkje like spanande. Var som regel alt for konstruerte og gav inntrykk av dårleg kvinnelitteratur meir enn gode skildringar av ville fantasiar. Det vart for sterilt og lite personleg.

Dessutan verka ikkje forfattaren å vere alt for kjend med erotisk skriving. Ikkje noko av dei eksplisitte skildringane av kjønnssafter og ereksjonar som han var vann med. Men det fekk halde. Han var allereie i gang og orka ikkje å bla videre gjennom søkeresultatsider.

Oppbygginga var sakte. Ikkje uvant for slike tekstar. Spenninga, om der var ei, heldt seg litt i bakgrunnen. Ein kunne sjølvsagt sjå kvar det var på veg. Ei kvinne som skulle liggje med ein mann ho aldri hadde tala med. Ikkje noko særskild. Verka som om forfattaren gjekk for det klassiske. Kanskje like greitt om han ikkje var erfaren. Trekantar med dvergar og geiter fekk kome seinare i forfattarskapet.

Framleis lesande, og godt i gang med anna, såg han at sida nærma seg slutten. Det held sikkert fram på side to. Det måtte det gjere. Elles ville dette bli alt for kort. Han bekymra seg ikkje så alt for mykje. Slett ikkje uvanleg med føljetongar. Det ville nok ordne seg. Einaste var at han måtte skifte tak om litt, men det fekk vere slik.

Endeleg nådde novella ein stad. Kvinna det handla om nådde hotellrommet der det skulle skje. Mannen som las nådde eit punkt der han vanskeleg kunne slutte. No fekk det vere. Det måtte bli denne novella same kor konvensjonell ho var. Han var allereie for godt i gang med hin neven. Betre enn ingenting, tenkte han. Trudde han.

På senga låg ein lapp "Eg har ikkje tid. Skal fylle ut skattefrådrag på sjølvmeldinga."

Og i skarp kontrast til korleis ho starta, stogga novella med dette. "FAEN!" sa han høgt slik at kona som låg og sov i naborommet høyrde. Han var for godt i gang til at dette skulle vere ein dårleg vits skriven av ein bitter idiot. Jævelen hadde sikkert gjort det berre for at folk skulle reagere nett slik han gjorde. Vondskap var det. Rein vondskap. Forbanna ungdommar som alltid skulle øydeleggje. Faens Internett.

"Kva er det du gjer? Du... du vel ein ting over meg?" spurde kona som stod i døropninga. Ho såg mannen med lemmet i neven stire fobausa og arg på monitoren. Han reagerte ikkje. Visste ikkje kva han skulle seie. Lukka munnen. Svelgde ein gong - kanskje to. Tok lemmet forsiktig og tvinga det inn bak smekken. Passa nøye på å ikkje setje fast hår eller ballehud i mekanismen.

"Sjølvsagt," sa han. Snudde hovudet sakte mot kona. Betrakta ho i lyset frå gangen bak ho. Ein tanke slo han. "Men no er det slutt. Eg.. eg trudde Internett elska meg. Eg trudde det kunne halde meg lukkeleg. Men eg tok feil. Gje meg ein ny sjanse. Vi kan elske kvarandre att."

Ho smilte. Varmt. For fyrste gong på lenge. Han og. Med både auge og munn. Kanskje livet ikkje var så verst likevel. Han skrudde av Internett. Skrudde av maskina. For godt.

Kommenter

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet

Kommentarar:

02.12.2007 03:39:49

Hjorthen

"Han skrudde av Internett. Skrudde av maskina. For godt."

Jeg er litt usikker på sjangeren her, er det fantasy eller horror? Uansett er det alt for usannsynlig til at dette kan bli godkjent. Men stå på videre, det er uansett bedre enn å legge kabal;-)

02.12.2007 03:47:08

Sjukheit

Er litt usikker på sjanger sjølv. Det er vel meir eit håp om at dei utallige menneska som oppdagar Krematoriet gjennom å søke på "erotisk novelle" (lenkje) opplever noko anna enn aggresjon.

Elles så har det vorten mykje mindre kabalspeling etter siviltenesta mi tok slutt, då eg no har litt meir konstruktive ting å fylle livet mitt med. Det er i alle fall det eg likar å fortelje meg sjølv når eg griner meg i søvn.

02.12.2007 15:11:39

Haakon

Vel, dersom en faktisk søker på "erotisk novelle" på internett, og ikke bare benytter seg av et p2p program, fortjener du det du får.

Men på den annen side, det er jo selvfølgelig bedre en f.eks. Gurochan, eller bbwchan. *grøsser*

02.12.2007 17:54:08

koew

Hold meg unna alle 'chans, takk.

Tubgirl ftw.

02.12.2007 18:33:45

Sjukheit

Faen eg hatar når eg ikkje veit kva eit Internett-fenomen er, og så søker på det.

Frå encyclopdia dramatica:
BBWChan is an imageboard where sick fucks ensure that morbidly obese women have an early death by telling them their rolls of disgusting flubber are sexy and they should not try to live normal, healthy lives. If you like your noodz anywhere under 300 pounds then go back to 4chan. BBWChan used to be known as 7898chan, but recently changed to BBWChan, since most of its content is fatty related.

Eg saknar det internett dedikert til positive poenglause mongofenomen slik som lol-cats eller badgerbadgerbadger.

03.12.2007 14:00:46

koew

Heh, Chinchan er også forferdelig. Nei, gi meg ei god erotisk novelle når som helst!

Jau, kanskje man vi skulle hatt en kampanje, slik som den "Gi oss jula tilbake"-kampanjen? Vi vil ha mer tøysete humor, mer badgers, mer kittenwar, lolcats og i-can-haz! Hvor er Leeroy når man trenger en helt? Hvor er han feite fyren som denger datamaskinen i kubekontoret (ahh, old days avi)?

03.12.2007 14:20:15

Sjukheit

Leeroy var eit fantastisk fenomen, ja. Spesielt når videobloggeren zefrank i sitt theshow mobiliserte og faktisk fekk spora opp fyren for intervju.

Det er forresten denne type fenomen (har dei eit namn?) som gjev meg trua på Internett tilbake. Aldri før, og sikkert aldri sidan, har eit medium oppfordra til så grenselaus meiningslause - og det meiner eg berre i positiv forstand.

Med så mykje dansande bananer, søte kattar med dårleg grammatikk og apar som vaskar kattar forstår eg ikkje korleis folk framleis har tid til å bedrive krig.

03.12.2007 16:17:43

koew

"Before, there was war. People dying, children raped and grandmothers executed.

Now...The Internet has come to save us. If you think you've seen all the crazy shit there's to be seen; reconsider. You haven't even started on Japan."

Legg til nytt innlegg





Krematoriet støttar at alle kan få lov til å seie kva dei vil, uansett kor idiotisk og feil det måtte vere. Men til tross for dette, ser vi helst at denne sida vert nytta til saklege kommentarar som angår overståande artikkel. For intetsigande svada, eller kva som helst anna, besøk den generelle kommentarsida. Innlegg som ikkje er saklege vil verte flytta dit.

BB-kodar du kan bruke i innlegget: [b]...[/b] [i]...[/i] [sitat]...[/sitat]