Som dei fleste har fått med seg har det i dagspressa den siste tida rasa ein debatt der Krematoriet sin tidlegare redaktør, avtroppa desksjef og ei gruppe framståande journalistar har skulda kvarandre for kraftig inkompetanse, grov skitkasting, utragerande sex-avsløringar samt grov sex-inkompetanse.
For å oppsummere konflikten, no som ho har roa seg vil vi kommentere bøkene som har blitt gitt ut i ettertid og eventuelle reaksjonar på dei.
Den tidlegare redaktøren si bok var den fyrste som kom på banen etter oppsigelsen som følgje av konflikten. I boka si tek redaktøren opp korleis desk-sjefen var udugeleg på alle måtar, og korleis redaksjonen mangla naudsynt hjernekapasitet til å differensiere mellom «aktiv leiarstil» og «nedverdigande sjikanerande mobbing.»
Kritikarar peika på ulike feil ved boka si framstilling av hendingane. For det fyrste var Aktiv leiarstil – korleis nedverdigande sjikanerande mobbing kan motivere tittelen på redaktøren si hovudoppgåve i administrasjon og leiing frå 1987. Dette var hovudmomentet i ein kronikk skrive av ein medievitar i landets største avis. Redaktøren skreiv eit svarinnlegg med tittelen «Medievitar: Ei skjør lita jente som er heilt dust,» der han nytta femten avsnitt på å kritisere ulike fysiske attributt ved nemnde medievitar.
Ein anna, langt sterkare kritikk kom frå språkrådet som hevda idiotiet ikkje kunne brukast på måten redaktøren hadde gjort i tittelen på boka, noko som gjorde tittelen til ein artig ironi over seg sjølv. Redaktøren svara med å påpeike at språkrådet var nokre nazistvennlege paragrafryttarar med overdriven hang til å kverulere. Språkrådet på si side såg ikkje korleis det å liste opp kvalifikasjonane deira var relevant for debatten.
Desksjefen kom på banen kort tid etter med ei bok der ho i detalj forklarte korleis redaktøren hadde stilt urimelege krav til ho. Å vere heime ei veke kvar månad var noko ein ikkje berre burde forvente, men òg oppfordre til hjå kvinnelege arbeidstakarar. Vidare nytta ho fleire kapittel til å detaljere korleis daglege møter der dei fortalde om kjenslene sine og heldt kvarandre i hendene for å finne deira indre gudinner burde vere del av einkvar suksessrik fleirkjønna organisasjon.
Interessant nok tok ikkje pressa noko betre vare på den andre parten i Krematoriet-konflikten. Dei hang ut desksjefen like ille, og ein medievitar kom med debattinnlegget «Krematoriet-konflikta: Er det vits med mediedebattar der vi er ueinige med alle partar?» Dette innlegget var imidlertid overskugga same dag av den tidlegare redaktøren sitt svarinnlegg til boka, som laud «Kvinner er ubrukelege på alle måtar utanom som madrass, og då bør dei halde kjeft.»
Dette innlegget, prega av hat og sinne mot heile det kvinnelege kjønn, fekk Krematoriet-redaksjonen sin innkvoterte kvinnehalvdel til å samle seg og skrive nok ei sytande og dårleg bok. Det at redaktøren sjølv, som følgje av Krematoriet si ekstremt radikale kjønnskvotering, var halvt kvinne, halvt mann, såg ingen som relevant for konflikta.
Denne forløpig siste boka i konflikten vart møtt med eit overveldande «helvete, eg trudde dette var ferdig» frå befolkninga. Dagspressa var like god til å forstå kva som er god og interessant dagsorden som vanleg, og laga nok ei stor sak av boklanseringa. Ein medievitar skreiv eit innlegg om boka som starta med følgjande avsnitt:
Viss dette innlegget blir publisert seier eg opp som medievitar og blir storfebonde fordi der kan ein forvente seg langt mindre oksemøk.
Dette innlegget vart publisert i ei rekkje av landets toneangivande medium og vart møtt med eit overveldande «gjesp». Sakte glei heldigvis saka ut av det kollektive medvitet og vil ikkje kome attende før den uunngåelege dagen når neste bok vert lansert. Då antaglegvis frå vaktmeisteren med ein tittel som Å feie drit på ein møkkarbeidsstad eller kantinedama sin Eg blanda mine brukte tampongar ut i grauten kvar veke i over to år.
Den dagsaktuelle opplysning- og humornettstaden Krematoriet på si side, heldt fram som vanleg under heile denne debatten. Den nye totalt anonyme redaktøren som ingen hugsa namnet på eller brydde seg om meiningane til leia Krematoriet til nye mediokritetar. Han eller ho vil sannsynlegvis verte hugsa som den personen som førte nettstaden i ingen særskild kontroversiell eller markant retning. Noko som er positivt då ingen strengt tatt bryr seg særskild.
Inspirert av:
«Du aner ikke hvor glad jeg er. Nå er jeg endelig kvitt henne» (Dagbladet)
- Valla ba meg slutte da far døde (Nettavisen)