Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

Det var fredag ettermiddag. Eg sat på bussen og var heilt forbanna blåst i hovudet. Eg og dei tilbakeståande og uintelligente venene mine hadde ei samtale som var så dustete at eventuelle medpassasjerar fekk lyst til å grine over kor idiot vi var.

Nett i det eg rapte høgt i fjeset på den blonde og hjernedaude veninna mi, fekk eg ein god idé: Kva om eg nytta mobiltelefonen min til å lage party. Då kunne vi ha det dritkjekt medan vi høyrde på dei hottaste hits frå Topp 20 eller kva faen ungdommen i dag går og høyrer på.

Eg gjorde slik den tette hjernen min foreslo, og sette på ein møkk elendig remix av ein elles bra song på mobilen min. Heldigvis hadde den heilt elendige høgtalar slik at eg kunne plage folk som sat nokre seter framfor meg ekstremt mykje.

Dei dustete kompisane min syns tydelegvis at dette var ein god idé. Vi var verkeleg like dust i hovudet som alle stereotypar av aldersgruppa vår tilsa. Songen heldt fram å øydeleggje alle høve til å danne gode og intelligente tankar i ei mils omkrins.

Heldigvis var ikkje det eit prinsipp som på noko som helst vis stod i vegen for den elendige møkkasamtala som vi presterte å regelrett drite ut av kjeften – på mange måtar var vår samtale like god og gjennomtenkt som diaré, så analogien var passande.

Musikken, som ikkje såg ut til å ta slutt då eg tydelegvis hadde fleire like dårlege songar lagra på mobilen min, spreidde seg framleis i bussen. Ein gammal mann som sat lengre framme kunne ikkje forstå kor fucka i hovudet ungdommen i dag var. Det var i alle fall slik blikket hans såg ut i det han stira bakover i bussen før han gjekk av.

Ein anna, klart irritert, men elles fantastisk person i starten av tjueårsalderen, verka å synast på same måte. Han snudde seg ei kort periode og såg bakover på meg med «Seriøst, det må gjere vondt å vere så forbanna teit»-blikket. Eg stirra tilbake med «Eg er for teit til å forstå det blikket der»-blikket mitt.

Samstundes tala den tilbakeståande mongokompisen min høgt i telefonen. Han var ikkje i stand til å høyre kva samtalepartnaren sa. Ikkje det at nokon av dei sa noko viktig, men eg var framleis for dust til å greie å skru ned den møkk elendige lyden frå dei underdimensjonerte mobilhøgtalarane mine.

Dessutan – det førte til at min heilt forbanna ubrukelege kompis måtte tale høgare, noko som gjorde at resten av bussen, i tillegg til å høyre mi kriminelt dårlege lydforureining, måtte høyre hans totalt meiningslause dialog. I alle fall hans side av den.

Ei kort tid seinare gjekk den irriterte, men elles fantastiske mannen i starten av tjueårsalderen av bussen. Han såg på meg med eit blikk som vitna om at han antaglegvis kom til å knuse knyttneven gjennom brystkassa mi og rive ut mitt framleis pumpande hjarte neste gong han såg meg. Deretter ville han sannsynlegvis le rått medan han pissa meg i trynet.

Her stoggar historia mi då eg ikkje veit kva som skjedde vidare. Eg heldt sikkert fram med å spele elendig musikk fram til bussjåføren køyrde utafor ei klippe i ei totalt uegoistisk handling for å redde menneskeheita frå idiotar slik som meg. Eg håpar i alle fall det.

Arkiv - opplevingar på buss

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet