Heim     E-post    Informasjon     Kommentarside    Arkiv     Søk     Lenkjer     RSS    

I vår gjennomgang av god diskusjon er vi i dag kome til moralske argument. Desse tek utgangspunkt i gjerningar og haldningar mange anser for å vere korrekte utelukkande fordi mange er einige om at det skal vere slik. Slike argument har sin plass i situasjonar der ein har meiningar utan å heilt vite kvifor.

For å retteferdiggjere kvifor moralske argument er nyttige, hjelper det å hugse på eit prinsipp om korleis folk dannar seg meiningar, fyrst nemnd i teksten Korleis diskutere - ei handbok:

[...]Folk meiner fyrst ting basert på deira eigne irrasjonelle og dustete kjensler og den generelle kjemiske suppa av inkonsekvens dei går rundt med i kraniet sitt. Deretter tar rasjonaliseringsdelen over, og den fungerar ofte om lag like godt som resten av hjernen.

Det er på grunn av dette prinsippet vi har bruk for moralske argument. Dersom alle standpunkt kunne sporast tilbake til ei logisk tankerekkje, kunne vi alltid ha rasjonalisert oss fram til gode argument sjølv. Men slik er det då altså ikkje, og vi har behov for alternative argument som rettferdiggjer seg sjølv på grunnlag av seg sjølv.

La oss ta eit døme på ein diskusjon, fyrst der moralske argument vert nytta:

P1: Eg meiner at ein ikkje skal onanere.

P2: Kvifor?

P1: Det er umoralsk.

Og så dersom moralske argument ikkje er i bruk:

P1: Eg meiner ein ikkje skal onanere.

P2: Kvifor ikkje?

P1: Du seier noko der. Skal vi onanere om kapp?

Bortsett frå å vise grunnleggjande bruk av moralske argument, viser desse døma eit anna viktig moment med denne typen argumentasjon - den har ein tendens til å fungere veldig dårleg i praktisk overtyding og haldningsendring.

Sjølv menneske som kallar seg moralske har innsett dette, noko som kan illustrerast gjennom det førre dømet. For å hindre menneske i å drive utukt med seg sjølv har argumenta tradisjonelt vore konsekvensargument (t.d. «Du vil få hår i handflatene og penis vil falle av.») Videre så vil all argumentasjon mot onani i seg sjølv vere håplaus og dømd til å mislukkast.

Det ein kan spørje seg er kva nytte ein eigentleg kan ha av moralske argument dersom dei ikkje er effektive i å endre andre menneske sine meiningar. Det same spørsmålet kan ein stille ved argumentasjon generelt, då folk som regel er ein gjeng bastante fundamentalistar med skylappar som uansett ikkje vil la seg overtyde av andre menneske uavhengig av argument. Korleis eit menneske faktisk endrar meiningane sine vil verte eit tema for ein seinare tekst, men kort sagt kan det nemnast at det har lite med faktisk argumentasjon å gjere og meir med utnytting av kjende svake punkt i hjernen sin verknadsmåte. Noko det heldigvis er mange av.

Verdien til moralske argument er då ikkje å overtyde folk, men å forsterke sine eigne irrasjonelle meiningar og å forsvare desse når folk påstår at du er dust. I dette sambandet er dei ikkje berre meir effektive enn alternativa, men òg umoglege å bryte ned:

P1: Å ha sex utan at ein har vore gjennom ei munnleg og skriftleg kontrakt om at ein berre skal ha det med ein partner resten av livet sitt burde vere forbode.

P2: Kvifor?

P1: Noko anna ville vere umoralsk.

P2: Men er det verkeleg korrekt av eit menneske å diktere korleis andre samtykkjande menneske skal leve liva sine?

P1: Ja. Vi kan ikkje la samfunnet sin moral forfalle.

P2: Kvifor?

P1: Det ville vere umoralsk.

Dermed oppnår ein målet ein kvar god diskusjonspart ynskjer: Å stagnere diskusjonen fullstendig i ein sirkulær eller rekursiv argumentasjonssekvens. Sidan moralsk argumentasjon alltid tek utgangspunkt i at ein er konservativ, vil status quo alltid vere best tenklege resultat.

Problem kan oppstå når mange menneske skal samkjøre god moral. Ettersom moral er definert ut i frå irrasjonelle idear forplanta i eit breitt spekter av lite samstemd kjemisk og elektrisk kaos oppi hovudet på folk, kan ulike idear om moral oppstå hjå ulike personar. Då det einaste som legitimerar moral er at mange menneske deler den, trenger vi eit felles referansepunkt å henvise til.

Populære referansepunkt har vore religiøse tekstar og dogme. Bibelen, og då særskild Jesu' liv og lære vert ofte nytta. Andre kulturar nyttar andre krøniker om tilsvarande fiksjonsfigurar laust basert på røynda. Felles er at dei tilbyr ei felles plattform for moralske standpunkt. Då slike tekstar er omfattande nok til å motseie seg sjølv på alle punkt, kan ein alltid, uansett standpunkt, finne støtte for det i slike bøker og dogme.

Merk at religiøsitet ikkje er einstydande med moral. Religiøs grunngjeving fungerer meir som eit større rammeverk for å kunne forsvare moralske standpunkt dersom diskusjonspartnaren ikkje godtek moralisme i seg sjølv. Ein kan då altså trekkje inn religion dersom moral ikkje viser seg tilstrekkeleg for å stagnere diskusjon.

P1: Ein bør kunne provosere større folkegrupper gjennom å bryte reglar som gjeld eksklusivt for dei, til dømes gjennom biletkunst.

P2: Det er umoralsk å teikne menn som levde for femtenhundre år sidan dersom det eksisterer menneske som er ueinige med ditt val av motiv.

P1: Korleis kan det vere moralsk å hindre ytringsfridom?

P2: Ein skal ha respekt for religion.

P1: Kvifor?

P2: Noko anna ville vere umoralsk.

Her går ein via religiøse dogme og attende til moralsk argumentasjon for å byggje ein sirkulær diskusjon. Dersom ein ikkje kunne trekkje inn religion som eit legitimt grunnlag for argument, hadde ein ikkje kunne forsvart moral på same måte. Då måtte ein i staden ha nytta heilt andre og meir konstruktive typar argument for å forsvare synspunktet sitt. Og det er umoralsk.

Arkiv - Guide til verda

Arkiv - Korleis diskutere

Generell kommentarside

Gje Kudos!

Utskrivbar versjon

Til toppen av sida

Tilbake til Krematoriet