Det er eit kjend faktum at folk flest har lite interessant å seie. Difor endar samtala ofte innan vêret og dei eigenskapar det for tida måtte inneha dersom to menneske utan særskilde fellesinteresser møtast. Å handsame denne situasjonen, og å føre samtala riktig kan imidlertid vere ei utfordring.
Fyrst kan det vere lurt å ha ein viss grunnkunnskap omkring vêret i Noreg. Det er tre typar vêr: Sol, nedbør og opplett. Vêrtypen endrar seg omlag to gongar i året, av og til sjeldnare. Vind kan forekomme i ulike styrkar samstundes som dei tre vêrtypane, og kan ofte bringe eit krydder til samtala, men det kjem vi attende til seinare.
Tidsaspektet er eit viktig moment angåande laust snakk om vêret. Kva vêr som var i går, er i dag og er meldt i morgon er dei tre viktige opplysningane ein til eikvar tid må ha fullstendig oversikt over. Bonuspoeng kjem dersom ein veit kva dei ulike vêrmeldingsmedia har meldt, på kva måte dei avviker frå kvarandre, og om avviket er konsistent med tidligare avvik. Dersom ei høgtid førekjem innan den neste veka må ein i tillegg vite kva vêr som er meld for den aktuelle dagen. Gjerne òg korleis dette anslaget har endra seg siste tre dagar.
Når ein har alle faktaopplysningar på plass, må ein finne eller bli oppsøkt av ein samtalepartnar. Det er viktig at vedkommande ikkje er nokon du faktisk ynskjer å samtale med; vêret må aldri kome i vegen for utveksling av reell informasjon eller vennskapeleg samtale.
Grupper som passar for samtalar om vêret inkluderar, men avgrensar seg ikkje til, eldre menneske som ikkje er besteforeldre1, sambygdingar ein møter på busshaldeplassen, slekningar ein ikkje har kontakten med, tidligare bekjente ein møter på handleturar eller andre offentelege stader og yngre menneske ein samtalar med fordi ein keiar seg2.
Ein viktig ting ein må hugse før ein tek til å tale om vêret er at å klage på vêret og å tale om det er to ulike ting. Når ein klagar kan det skje til kven som helst, inkludert nære vener og vilt framande. Klaging er ein meir fargerik versjon og krev korkje bakgrunnskunnskapar eller mangel på andre debattemne. Samtalar om vêret er derimot utelukkande inspirert av keisemd, eller det at ein er sosialt ukomfortabel.
Samtaler om veret har ein grunnstamme som best skildrast slik, der I er initiativtakar til samtala og R er respondent som er fanga i situasjonen.
I: I dag er vêret verkeleg [positivt eller negativt lada adjektiv]
R: Ja, det er mykje [verre/betre] enn [tidspunkt dagen før dagens dato då vêret innhadde tilstand tidligare skildra i setninga].
I: Jau, men [vêrmeldningsmedium] melde at vêret skulle verte [kontrast til noverande vêrtype] om [tal på dagar] dagar.
R: Det stemmer, men [konkurrerande vêrmeldingsmedium] meinte at det skulle bli [kontrasterande vêrforhald].
I: [oppgitt utsagn omkring dei konflikterande vêrmeldningsmedium].
R: [bekreftande svar].
Dette er den grunnleggjande stamma i alle samtaler. Det finst avvik og ekstreme vêrtilfelle som krev ulike greiner og avartar av denne grunnlinja. Det inkluderar som regel undertema av dei ulike responsane, og ein kan vere sikker på at eit totalt avvik frå dei tema som vi her skildrar aldri vil forekomme.
Avvik i samtaler kan vere:
Hugs, det er ingen som føl andre reglar enn dette for samtale om vêret. Om ein sørgjer for å ha bakgrunnskunnskapar i orden vil ein aldri feile same kor sosialt tilbakeståande ein måtte vere. Det er umogleg å trå feil i samtalar om vêret ettersom det er ein sosial konstruksjon laga utelukkande med det føremål å skape ei samtale der det ikkje eksisterar grunnlag for noko.
1 Besteforeldre skal ein i staden diskutere utdanning, alder og kor mykje ein har vekse sidan sist med.
2 Dette er reverseringa av fyrste gruppe.